Lokal | 24. apr. 2017

Tatt med promille søndag formiddag

Politiet hadde kontroll på Søfteland søndag.

Tatt med promille søndag formiddag
Politiet kontrollerte trafikken retning sør, ved Søfteland barneskule, søndag formiddag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. apr. 2017 07:13

Søndag frå rundt klokka 10 hadde Os lensmannskontor trafikkontroll på E39 ved Søfteland barneskule.

Patruljen kontrollerte trafikken retning sør i rundt ein time, med fokus på promille.

I løpet av kontrollen stoppa dei ein mann i 40-åra, som no er mistenkt for ikkje å ha vore heilt edru.

– Han blei tatt med for blodprøvetaking. Det er tatt beslag i førarkortet og oppretta sak, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

– Har de indikasjon på kor høg promille det var?

– Sånn det ser ut var det ikkje særleg høg promille.

Mannen er frå ein annan kommune, og køyrde i retning Os, og var i utgangspunktet på gjennomreise.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.