Lokal | 25. okt. 2014

To tatt, mistenkt for posttjuveri

Politiet har funne både stolen post og spor etter misbruk av kort og ID. Ei kvinne og ein mann blei pågripen, mistenkt for omfattande tjuveri frå postkassar i Os.

To tatt, mistenkt for posttjuveri
Noko av posten tjuvane ikkje stal, då dei slo til i Nordmarka. (Lesarbilde, foto: Anders Fløysand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. okt. 2014 19:35

Dei siste vekene har det vore fleire tilfelle av tjuveri av post i ulike nabolag rundt Os sentrum.

– Vi har hatt nokre personar i kikkerten ei stund, og no er to av dei tatt, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.

Fann fleire bevis

Fredag blei ei kvinne pågripen, laurdag slo politiet til mot ein mann på ei annan adresse.

– Vi fann både stolen post, stolne bankkort og spor etter bestilling av varer og mobilabonnement i andre sitt namn.

Dei to er mistenkt for tjuveri av post, men det blei også funne gjenstandar politiet trur stammar frå ulike andre grove tjuveri.

– Kvinna har vore inne til første avhøyr. Der erkjente ho blant anna å ha stole post.

Fleire kan bli sjekka inn i saka

Begge dei mistenkte sit fengsla. Dei er begge norsk og busett i Os, og kjent for politiet.

I tillegg til tjuvgodset og andre bevis blei det funne mindre mengder narkotika på minst éin av dei.

– Har de mistanke om at det er fleire enn desse to som står bak tjuveria?

– Vi har i alle fall ikkje utelukka det, men det er førebels for tidleg i etterforskinga til at vi kan seia meir om det, fortel Rastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.