Kultur | 28. feb. 2012

Tatt på senga - i USA

Orbo & The Longshots hadde ikkje venta at fans frå Os skulle følgja dei på USA-turneen.

Tatt på senga - i USA
F.v.: Linda, Paul Inge Vikingstad (bass), Ine Tumyr (vokal, perkusjon), Reidar Opdal (piano), Inger Marie, Hanne, Reidar Tumyr (trommer). Framme: Eric Jaskowiak (produsent) og Ole Reinert Berg-Olsen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. feb. 2012 21:27

Bildeserie:

Orbo skulle treffast - men først; Elvis i Graceland.
Orbo skulle treffast - men først; Elvis i Graceland.
Framfor legendariske Sun Studio, der blant anna ORBO har spelt inn.
Framfor legendariske Sun Studio, der blant anna ORBO har spelt inn.
Mia, Linda og Hanne med mic-en i studio.
Mia, Linda og Hanne med mic-en i studio.
1 av 3
Orbo skulle treffast - men først; Elvis i Graceland.
Framfor legendariske Sun Studio, der blant anna ORBO har spelt inn.
Mia, Linda og Hanne med mic-en i studio.

Søndag reiste Orbo & The Longshots til USA for å turnera frå Nashville opp austkysten til New York. I Nashville var det ikkje berre første spelestad som venta, der sto nemleg også tre store fans - frå Os - og venta.

– Det blei skrik og skrål og store klemmar, fortel Linda C. Andersen.

– Og så tok vi oss ein skikkeleg velkomstfest, legg ho til.

Ein draum

Reisefølgjet med fans frå Os består av Linda og dottera Hanne saman med venninna Inger Marie "Mia" Fimreite.

– Vi har følgt Orbo sidan 2005, reist land og strand for å få med oss flest mogleg konsertar og arrangert bussturar til fleire av konsertane i Bergen, fortel Linda.

– Å oppleva Orbo & The Longshots LIVE i USA har lenge vore ein draum. Planen var å følgja dei i oktober, men grunna sjukdom i familien måtte vi avlysa.

Men i februar passa det betre for dei tre venninnene, som var så ivrige at dei reiste i forkant, tre dagar før bandet.

Elvis først

Sjølv om Orbo er hovudattraksjonen for turen er det eit par andre ting dei bluesrock-interesserte jentene frå Os vil ha med seg når dei først er over dammen.

– Vi reiste først til Memphis for å svinga innom Elvis sin heim, Graceland. Vi var også innom legendariske Sun Studio, der rocken blei fødd, og der Orbo spelte inn EP-en "Dead men walking".

Fekk suite

Viss du tippar at dei tre frå Os booka seg inn på Heartbreak Hotel i Memphis så tippar du heilt rett.

– Og der var vi heldige, for dei hadde gjort ein feil med bestillinga så vi fekk "Graceland suite", den største suiten på hotellet, med 7 rom, 4 TV og 28 handklede, ler Linda om den gode starten på turen.

Solskin og overrasking

Så gjekk turen til Nashville for å vera på plass til bandet frå Os ankom første stopp på turneen.

– Vi hadde informert Orbo på førehand, men han hadde klart å halda det for seg sjølv, så det blei både overrasking og gjensynsglede i 25 varmegradar i Nashville.

Saman med Eric Jaskowiak, som har vore med å produsera fleire av platene til Orbo & The Longshots, tok dei seg ein fest.

Følgjer bandet til New York

Turneen startar i morgon onsdag, i Nashville, og held fram med konsertar i East Atlanta, Chapel Hill, Washington, Philadelphia og New York 5. mars.

– Vi følgjer dei heilt til New York før retur til Os. Der nærmar seg 30. mars og sesongopning av Er-An Veikro, seier Linda Andersen.

Etter New York ventar det for Orbo sin del retur til Nashville via spelestadane Asbury Park, New Haven og Rehobot Beach 9. mars.

PS! Orbo & The Longshots har dei siste vekene vore lista på den amerikanske AMA-chart. Der har dei klatra frå 32. til 19. plass. Sist veke blei dei spelt 139 gongar mot 140 veka før, noko som gjorde at dei gjekk ned frå 19. til 21. plass. Med Orbo & The Longshots på plass i USA blir det kanskje ny opptur på radiolistene i vekene som kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.