midtsiden

Tatt på Tongane

Det blei både skrekk og humor då elevar ved Søre Øyane skule lagde maritim fantasiutstilling for Vedholmen Galleri.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Kunstnar Vibeke Harild ved Vedholmen Galleri har 11 gongar hatt kurs for skuleelevar i Bergen. No har ho nyleg halde kurs på heimebane, for 7. klassingar ved Søre Øyane skule.

- Ungar er så spontane at det held ofte å visa grunnleggande teknikk og gje litt fargelære. Resten lærer dei i prosessen, det å jobba i tre dimensjonar krev litt, lite eller ingenting blir skjult nå du lager skulptur, seier Harild.

Harde fakta

Kurset blei halde for to veker sidan, i førre veke var det praktisk arbeid.

- Dei brukte berre to dagar med hønsenetting og gips, så var det maling. I tillegg har dei skrive fine faktaark om skulpturane, med latinsk namn, storleik og bakgrunnshistorie, fortel lærar Hildegunn Kobbeltvedt Andersen.

Elevane las frå faktaarket sitt då dei, éin og éin, presenterte sin skulptur.

- Det har vore veldig kjekt å jobba med noko heilt anna enn vanlege skulefag. Dette har vore både lærerikt og inspirerande, og elevar som kanskje elles ikkje er så veldig engasjerte, har blomstra i denne prosessen.

Fantasi frå framtida

Oppgåva elevane fekk gjekk ut på å laga ein skulptur av eit fantasidyr frå havet, eit dyr frå framtida.

Mykje spennande dukka opp, mange av dei var krysningar av eksisterande artar.

«Torsmer», ein krysning mellom torsk og hummar, har farten til torsken og klørne til hummaren. Ein skummel kar.

Vidare følgte krysning mellom hummar og blekksprut, eit dyr som ville skremt Os Dykkerklubb langt opp på land, «gigantus crepsus» og ein albino-krokodille på 999 tonn, kanskje stor nok til å sluka dei nest største fiskebåtane i Øyane.

Men det var også krysningar og vidareutvikla dyr frå land, som sjøapekatt og ein krysning mellom hund og skilpadde.

Litt realistisk

På spørsmål om kven som hadde laga det skumlaste dyret var svaret samstemt: Thomas sin albinokrokodille.

Men kva var det mest realistiske framtidsdyret?

- Det må vera «krumer», krysningen mellom hummar og krabbe, meinte elevane.

Onsdag klokka 18 opnar utstillinga til elevane i Vedholmen Galleri. Den blir også ståande torsdag (16.00-19.30) og fredag (12.00-16.00).

Noko for Oseana?

Utstillinga kan koma til å dukka opp igjen på skulen. Kanskje kunne delar av den også vore aktuell for Oseana?

Temaet, faktaplansjane og skulpturane ville vore ein fin fargeklatt i det komande kunst- og kultursenteret ved Bjørnefjorden.

- I vårt galleri held vi fram med utstilling av galleriets eigne kunstnarar fram til 13. mars. Så følgjer utstilling av Bodil Friele sin kunst, fortel Vibeke Harild frå Vedholmen Galleri.