Lokal | 29. sep. 2016

Tatt for tasting på mobil

Politiet kontrollerte trafikken rundt to skular i går. – Dette er stadar du bør vera ekstra fokusert, ikkje distrahert, seier politiet.

Tatt for tasting på mobil
Politiet kontrollerte trafikken ved Søfteland barneskule rundt skuleslutt onsdag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. sep. 2016 07:25

Onsdag rundt skuleslutt, frå klokka 13 til 14.30, hadde politiet åtferd-kontroll ved Søfteland barneskule.

– Vi sjekka bilbelte og mobilbruk. Det blei skrive ut tre forenkla forelegg for ulovleg bruk av mobil under køyring, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

På ettermiddagen, frå klokka 18.20 til 20.00, var det ny trafikkontroll ved avkøyrsla til Nore Neset skule og idrettsplassen.

Her blei to tatt for å tasta på mobilen mens dei køyrde.

– Hald fokus!

– Å bruka mobiltelefonen mens du køyrer er distraherande, vi har også fleire eksempel på at det kan gå gale.

– Vår oppmoding er å skaffa handsfreesystem og å bruka dette. Tekstmeldingar kan du senda og svara på når bilen står i ro, eller få hjelp av ein passasjer.

– Særleg rundt skular og idrettsplassar ber vi bilførarar vera merksame og fokusert. Her er det ungar på kryss og tvers, gjerne på sykkel og skateboard, i tillegg til annan biltrafikk. Då bør du absolutt ikkje auka risikoen ved å tasta på mobil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.