Lokal | 04. mai 2016

Taua inn 12 bilar

Bilar moden for avskilting sto i kø i Hjellemarka i dag. Det blei dessutan skrive ut fleire gebyr for blant anna piggdekk, manglande førarkort og vognkort.

Taua inn 12 bilar
To av dei seks bilane som i dag blei avskilta i Hjellemarka står framleis i kontrollfeltet. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. mai 2016 19:59

Statens vegvesen hadde trafikkontroll på E39 i Hjellemarka og i Os sentrum onsdag ettermiddag.

– Politiet deltok òg, med to motorsyklar, men måtte stikka frå staden til Åsane i samband med oljelekkasje i Eikåstunellen, fortel Lars Harald Drange.

6 av 12 blei avskilta

Sju kontrollørar deltok og vegvesenet hadde kjennemerke-skanning i bruk i Hjellemarka.

Der blei 75 bilar stoppa og kontrollert, 12 av dei grunna begjøring om avskilting. 6 av dei ordna opp på staden, 6 andre bilar blei avskilta.

1.350 blei kontrollert for bilbeltebruk utan at dei blei skrive eit einaste gebyr på dette (!).

Men det blei skrive tre gebyr for manglande vognkort eller førarkort og to for bruk av piggdekk.

Sjekka 160 i sentrum

Etter Hjellemarka flytta vegvesenet seg til Os sentrum, som no er omkøyringsveg for E39 retning nord.

Der blei 160 kontrollert for belte, noko som førte til eitt gebyr.

– Tre blei stoppa då dei sat og tasta på mobil. Dei fekk informasjon om risikoen det er å bruka telefon mens dei køyrer, fortel Drange.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.