FosenNamsos Sjø ber hummerfiskarar halde avstand til ferjekai og -farledene både på Halhjem og Hatvik (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Teiner sette ferje ut av drift

MF Gloppen sett ut av drift av hummerteiner. No ber FosenNamsos Sjø hummarfiskarar halda avstand.

Av: Andris Hamre

Både hovudferja MF Trondheim og den innleigde ferja MF Gloppen er sett ut av drift. Dei to ferjene går på sambandet mellom Hufthamar og Krokeide. Der er det no kun MF Marstein som går.

– Vi trur at årsaken til at MF Trondheim er ute av drift er at den har treft ein gjenstand som har flytt i sjøen. Proppellhodet havarerte og det er lang produksjonstid på delar, fortel Grete Fuglem Tennås, administrerande direktør i Fosen Namsos Sjø.

Teinetau tok Gloppen

Også MF Gloppen har blitt sett ut av drift av utanforståande årsaker.

– MF Gloppen har fått tau frå hummerteiner i propellen, meir enn 50-70 meter tauverk kom inn i propellen. Dette har gitt skader som medførte at fartøyet må i dokk og delar må leverast frå utlandet.

– Dette gir ein krevande situasjon for både rederiet, for næringslivet som er avhengig av stabil ferjedrift og for alle passasjerane generelt, seier Fuglem Tennås i ei pressemelding.

Ber fiskarar halde avstand

Fuglem Tennås har ei klar oppmoding til hummerfiskarar i Os.

– Det er sist veke meldt om teiner som har stått svært nære ferjekai både på Halhjem og på Hatvik. Desse gir risiko for å setta ferjesambanda våre ute av drift, ikkje berre kortvarig, men over lengre tid når det krevst større reparasjonar.

– Vi ber alle som ser gjenstander i sjøen varsla politiet og ikkje minst ber vi fiskarane om å halde god avstand til ferjekaier og -farleder, for å bidra til å sikra stabil drift på ferjesambanda, avsluttar Grete Fuglem Tennås.

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Vi ser bra ut

20. oktober 2017

Ruben Hetlevik ventar ein jamn kamp med høgt tempo mot Brann 2.

bilde-midtsiden

Kritiserte sakshandsaminga

20. oktober 2017

Terje Sperrevik (TvS) var kritisk til korleis administrasjonen har handtert Fjellheim-saka.

bilde-midtsiden

Gapahuken er ferdig møblert

20. oktober 2017

Søndag om ei veke er det offisiell opning av det store, arkitektteikna taket ved Knutabruo.

bilde-midtsiden

Krev omkamp på Hjelle

20. oktober 2017

Oposisjonen krev utgreiing av skuletomt mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen.

bilde-midtsiden

Å passera tøffe hinder

20. oktober 2017

Lanserte CRUX på Vindfanget: Det er ei meining bak det nye namnet til Kirkens Sosialtjeneste.