Kultur | 31. jan. 2017

Tek Flåklypa til Haukeland

Riksteateret og Oseana gjentek suksessen med direktesending av forestillingar. Søndag blir Flåklypa vist live for barn og pårørande på Haukeland sjukehus.

Tek Flåklypa til Haukeland
Anders Fløysand i Varde Solutions og Ole Tobias Lindeberg hos Oseana står for den tekniske produksjonen når Riksteateret si «Heia Flåklypa!» blir streama til Haukeland (foto: AH)
Andris Hamretirsdag 31. jan. 2017 10:06

I september kom Riksteateret til Oseana med framsyninga «Fortrolige samtaler», som blei sendt direkte via nettet til bebuarane på Luranetunet og Røde Kors-heimen i Bergen.

– Førstkommande søndag speler vi «Heia Flåklypa!» for ein fullsett sal på Oseana og også denne forestillinga vil bli streamet live. Denne gong til Haukeland sjukehus, kor barn, pårørande og tilsette kan få oppleve den "live", fortel Riksteateret sin sjef Tom Remlov.

Lagar lokal teaterfest

Saman med sjukehuset samlar Riksteateret barn, foreldre og tilsette i Bikuben, sjukehuset sitt kurs- og konferansesenter kor framsyninga blir vist.

– Då lagar vi ein lokal teaterfest på sjukehuset. Dei sjukaste barna, som ikkje kan vera med i opphaldsrommet, vil kunne sjå framsyninga på ein PC frå sjukesenga, seier Remlov.

Eit viktig avbrekk

Atle Halvorsen ved Haukeland Universitetssjukehus fortel at dei gler seg til framsyninga.

– Vi inviterer alle barn og unge som er innlagt på Haukeland sjukehus, uavhengig av kva avdeling dei ligg på, til å vera med oss i Bikuben.

– Der lager vi ei ramme rundt det med pølser, yoghurt og saft slik at det blir ei kjekk samlingsstund for dei som har moglegheiten.

– Kva betyr dette for pasientane?

– Hyggelige ting som dette er eit avbrekk som er gull verdt for pasientane våre. Dagane blir gjerne lange når ein ligg på sjukehuset, ein er gjerne usikker og litt redd, så det å kunne gjera slike hyggeleg ting blir tatt veldig godt i mot, seier Halvorsen.

Blei ein suksess sist

Remlov fortel at forsøket med å direktesenda «Fortrolige samtaler» i september blei særs vellukka.

– Riksteateret sitt oppdrag er å nå så mange menneskjer som mogleg over heile landet med teaterkunst av ypperste kvalitet. Då er det naturleg også å utforska den formidlingsmoglegheiten som den digitale teknologien gir oss.

– Etter det særs vellukka forsøket med streaming av suksessframsyninga «Fortrolige samtaler» i haust, prøver vi oss no med «Heia Flåklypa!». På den måten vil vi nå fram til barn som ellers ikkje ville hatt moglegheiten til å oppleva denne flotte framsyninga. Dette er heilt i Riksteateret si ånd. Og nok ein gong har Ole Tobias Lindeberg og hans dyktige stab vist at dei er eit innovativt kulturhus som ønskjer å nå eit stort publikum på nye måter, skryt Riksteatersjefen.

Skal vera framoverlent

Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg er stolt og glad for at Riksteateret vil vera med på ei ny direktesending frå Os.

– Det var veldig gøy sist, og det er fantastisk for oss å få moglegheiten til å vera primus motor i nye måter å formidla Riksteateret sine framsyningar. Vi skal vera framoverlente og på hugget. Dette er ein glimrande måte for oss å få gjera litt nytte for oss og gje tilbake til samfunnet, seier Lindeberg, som saman med Riksteateret gjer som sist og hyrar inn lokale krefter i Varde Solutions, til den tekniske produksjonen.

– Det er stas at vi har ein slik god kompetanse lokalt i Os som vi kan nytte oss av, avsluttar Lindeberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.