Juni Alette Tønjum Torjussen og Tora Wiberg er klare for Junior-NM i Sandefjord til helga (foto: Andris Hamre)

Tek opp arva etter Solveig

Seks år etter at Solveig Helgesen blei noregsmeister i golf er Juni Alette Tønjum Torjussen (18) og Tora Wiberg (17) er klare for NM.

Av: Andris Hamre

Solveig Helgesen blei historisk då ho i 2011 blei den første noregsmeisteren frå Bjørnefjorden Golfklubb.

Til helga skal Juni Alette Tønjum Torjussen og Tora Wiberg prøva å gjenta bragda når dei går ut i junior-NM på Sandefjord golfbane.

– Nja, pallplass er vel ikkje realistisk, men speler vi på handicap eller betre, så skal vi vera nøgd. Vi går utpå der for å gjera så godt vi kan, smiler dei to jentene når Midtsiden møter dei på trening heime på Bjørnefjorden Golfklubb.

Dei einaste aktive

Juni, med spelehandicap 8,0 og Tora med 11,0 i handicap (når du byrjar å spela golf startar du med handicap på 54,0 og får lågare tal etterkvart som du blir betre, journ.mrk) er dei to einaste aktive jentespelarane i klubben.

– Det er berre oss to no, heldigvis er det nokre jenter blant nybyrjarane, så vi håper vi blir fleire etterkvart.

Vil satsa på golfen

Sjølv om dei to no følgjer i fotspora til Solveig Helgesen med å delta i NM, så er dei ikkje sikre på om dei vil satsa like mykje som Solveig gjorde, då ho reiste til USA for å spela golf på college.

– Eg er ferdig med gymnaset i år, og vil ta eit friår kor eg jobbar og satsar meir på golfen. Så får får vi sjå kor god eg kan bli. Men å reise til USA, slik som Solveig gjorde, er eg meir usikker på om eg vil, seier Juni.

– Eg har att to år på vidaregåande, men satsar på å bli så god som eg kan, mellom anna gjennom å spela nasjonale turneringar, kommenterer Tora.

Langt, rett og god til å gløyma

Golfspelet er delt opp i fleire faser, med utslag frå tee, spel på fairway, innspel til greenen og ikkje minst putting.

– Kva er dykkar styrke på golfbanen?

– Eg treff ofte fairway og så slår eg langt, svarar Juni.

– Mi største styrke er nok at eg er god til å gløyme dei dårlege slaga, og berre gå vidare, seier Tora.

– Det er ikkje eg så god på, smiler Juni.

Junior-NM blir spelt laurdag og søndag 17. og 18. juni og er ein del av Srixon Tour - eliteturneringa for juniorar i Noreg.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Lite stemte for Os

17. oktober 2017

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

bilde-midtsiden

Bil i fjellveggen

17. oktober 2017

Ein mann er køyrd til legevakt etter ulykke nær Nordvik.