Lokal | 27. sep. 2016

Teknisk vakt fekk teknisk tull

Sterk vind og store nedbørsmengder: Brannvesenet rykte ut då ei stor grein landa på eit hustak, teknisk vakt fekk trøbbel i eigen hage.

Teknisk vakt fekk teknisk tull
Greina flaksa over leidningane og landa på taket på ein bustad på Haugsneset i ettermiddag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. sep. 2016 17:07

Bildeserie:

Mykje overvatn fossar opp denne kummen i Industrivegen. (Foto: KVB)
Mykje overvatn fossar opp denne kummen i Industrivegen. (Foto: KVB)
Vatn kan føra til problem i trafikken - køyr varsamt. (Foto: KVB)
Vatn kan føra til problem i trafikken - køyr varsamt. (Foto: KVB)
Fleire stadar på Byvegen ligg det store dammar. (Foto: KVB)
Fleire stadar på Byvegen ligg det store dammar. (Foto: KVB)
Steinneset tysdag ettermiddag. (Foto: KVB)
Steinneset tysdag ettermiddag. (Foto: KVB)
Moloen utanfor Mobergsneset. (Foto: KVB)
Moloen utanfor Mobergsneset. (Foto: KVB)
I Strøno er det rikeleg med vatn i vegen forbi skulen. (Lesarbilde)
I Strøno er det rikeleg med vatn i vegen forbi skulen. (Lesarbilde)
1 av 6

Det er venta 60 mm nedbør på 18 timar frå tysdag til onsdag og det er sendt ut både OBS-varsel og varsel om flaum på Vestlandet.

Tysdag ettermiddag har dei første store nedbørsmengdene landa, men utan dei store hendingane i Os.

– Vi har hatt litt problem med Lysekloster barneskule, seier teknisk vakt i Os kommune, Birger Holmefjord.

Problemet er dreneringa ved den nye skulen og problemet landa rett i fanget til teknisk vakt, som no må feia/ausa for eiga dør.

– Eg bur rett ved skulen og dreneringa fører faktisk til at vatnet renn rett inn i hagen min. Huset er ikkje i fare, men eg får prøva å finna ei midlertidig løysing før eg eventuelt må rykka ut på noko anna, seier Holmefjord.

Knekt grein og mykje overvatn

Os brannvesen har heller ikkje fått så mykje å henga fingaren i til no.

– I 18-tida fekk vi melding om ei knekt grein på eit stort tre, der greina hadde landa på eit hustak, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Monsen var på Haugsneset og sjekka huset. Greina hadde flaksa over nokre leidningar og landa på taket, men har ikkje gjort skade.

Stor dam ved Strøno barneskule

Politiet oppmodar folk om å vera varsame i trafikken, då det er mykje overvatn og fare for vannplaning fleire stadar i Os.

I Nordstrøno har det samla seg rikeleg med vatn i vegen forbi skulen.

– Det gjekk fint å køyra over med pickup, fortel tipsar, som òg har sendt bilde (sjå oppdatert bildeserie).

TIPS MIDTSIDEN!

Har du problem som følgje av vêret?

Send tips og bilde til 907 89 270 eller kjetil@midtsiden.no.

I Bergen har eit velta tre sørgja for at Kalfaret er stengt.

Følg uvêret og trafikken i Bergen og Hordaland på BT.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.