Kultur | 26. nov. 2015

Tenner tre lys på fire dagar

Torsdag, fredag og søndag er det tenning av lys på Amfisenteret, i Os sentrum og på Borgafjellet.

Tenner tre lys på fire dagar
Dei neste fire dagane skal lysa tennast på Amfi, Osøyro og Borgafjellet. På Amfisenteret i kveld er det Nore Neset skulekorps som speler. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. nov. 2015 10:31

I morgon er det «black friday», fredagen som også i Noreg har byrja å bli avspark på julehandelen, trass i at vi ikkje feirar takkefest like ivrig som i USA og Storbritannia. Likevel, søndag 29. november er første søndag i advent, og det er på tide å koma i stemning.

Først ut med å tenna lysa er Amfisenteret, som inviterer til tenning av julelysa under tak.

– Nissen kjem på besøk og Nore Neset skulekorps speler julemusikk. Vi startar klokka 18, fortel nytilsett senterleiar Silje Lygre.

I år er det nissefar som kjem, ikkje nissemor, som stal showet i fjor (sjå video).

Fakkeltog i sentrum

Os Sentrumsforening arrangerer sitt årlege fakkeltog med utdeling av faklar (gratis) frå klokka 17.35, avmarsj frå Hamnevegen klokka 18 og tenning klokka 18.30.

Så er det marsj rundt juletreet etter musikk av Os Musikkforening.

Sjå video og bildeserie av folkehavet som deltok på fakkelfredag i fjor.

Lys på Borgafjellet

Lynnedslag og nye installasjonar i masta på Borgafjellet gjorde at det også i år såg trøblete ut for Os Kulturutvikling sitt prosjekt med lys på fjellet.

– El-skapet såg ikkje bra ut, men fungerte heldigvis. Eg var oppe med trekkelinene før helga og Opptur Motbakkeklubb hjelper oss også i år med å få lyslenkene opp, seier Leif Ragnar Tveit.

Planen er å tenna lysa i 14-tida søndag, men det er mogleg at dei av praktiske årsaker blir tent allereie laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.