Lokal | 12. sep. 2017

Terje om valkampen og framtida

Det har vore ein valkamp han kjem til å hugsa. Men kva seier han om framtida?

Terje om valkampen og framtida
Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) gler seg over eit godt valresultat og fire nye år med Høgre og Frp i regjering (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 12. sep. 2017 15:59

I det valkampen skulle ta skikkeleg til greidde olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) å knekka foten med påfølgjande operasjon og krykker.

– Det er ein valkamp eg kjem til å hugsa. Det er det mest slitsomme eg har vore med på. Når eg har krasja i leiligheita eller eit hotellrom i elleve-tolvtida om kvelden har eg vore heilt køyrd, fortel Søviknes når Midtsiden møter han i Os sentrum tysdag ettermiddag.

Frustrerande start

Som følgje av beinbrotet måtte Søviknes følgja valkampen frå sjukesenga dei første dagane.

– Den første veka etter operasjonen var frustrerande, då måtte eg ligga med foten høgt for å bli kvitt smertene og få ned hevinga i foten.

– Det å berre ligga og sjå på i det valkampen skulle sparkast i gang med Arendalsveka, kor eg skulle hatt ti-tolv debattar, var ikkje det eg hadde sett for meg. Eg fekk rett nok gjennomført éin frå TV2 sitt studio på Nøstet.

Fekk truleg blodpropp

Etter ei veke var han klar for å reisa land og strand rundt. Rett nok med litt ekstra hjelp.

– Eg hadde flaks med tilsettinga av ny politisk rådgjevar i juni. Christian Haugen er nesten ferdig utdanna som lege. No fekk han praktisert med å ta var på meg. Han tok mellom anna stinga. Eg har sagt at eg har brukarstyrt personleg assistent denne valkampen.

– Etterkvart fekk vi gjennomført valkampen som planlagt. Men lange flyturar var ikkje det beste for foten. Då eg fortalde om smertene i foten trappa dei opp med blodfortynnande medisin, noko som ein alltid får etter ein slik operasjon. På kontrollen sa legane at eg med stor sannsynlegheit hadde hatt blodpropp, men at den hadde løyst seg opp med den blodfortynnande medisinen. Det er visst ein typisk følgjeskade, men det var ikkje så dramatisk som TV2 skulle ha det til.

Har vore ein fryd

Det å skulle driva aktiv valkamp i heile landet har vore ein fryd, fortel han. Over alt har det vore positiv respons både innan olje- og gassområdet, men også generelt for Frp og H.

– Det har jo gjort at vi har hatt trua. Som relativt fersk statsråd så kan eg jo seia det. Eg trur det kjem av at vi har hatt solide statsrådar i Ketil (Solvik-Olsen), Siv (Jensen) og Sylvi (Listhaug). Dei har klart å skaffa seg det vi på fagspråket kallar eit politisk domene.

– Vi har gjennomført valkampen som planlagt og har ikkje hatt nokre skjær ut til sidene. Dette har vore Siv sin beste valkamp «ever».

Personleg høgdepunkt

Sjølv om han primært har front ansvarsområda som ligg under olje- og energidepartementet, har han også blitt sendt på andre oppdrag.

– Eg blei beden om å reisa til Alta ein laurdag for å delta i ein debatt og halda appell i samband med ein sjukehusaksjon der oppe. Det var berre eg og Trine Skei Grande av rikspolitikarar som deltok, noko som resulterte i at både Frp og Venstre gjorde eit kjempehopp i Alta.

– Det blei den beste kommunen vår i landet med 32,7 % og vi berga eit mandat i Finnmark. For meg er den turen eit personleg høgdepunkt. Spesielt no når vi ser resultatet, smiler Søviknes.

Held han fram?

Terje Søviknes blei utnemnd til statsråd i tysdag 20. desember og har hatt oppgåva i vel ni månader, men kjem han til å halda fram?

– Det blir ein prosess. Eg må diskutera med mine næraste, med eksen og borna. I Oslo er ingenting avklart. No skal dei fire partia snakka saman. Der ønskjer nok alle å ha ei påvirkning. I tillegg er det jo opp til Erna og Siv og kva dei ønskjer.

– Men har du lyst?

– Ja, det har vore fantastisk gjevande.

Ikkje uaktuelt å koma heim

Uansett blir han sitjande som statsråd inntil vidare. Men kva då med utsiktene for å koma heim til Os og ordførarstolen.

– Eg er ikkje av dei som meiner det blir eit steg tilbake. Utviklinga av Os og samanslåinga med Fusa er ei leiarutfordring som har stor appell på meg. Det er ikkje uaktuelt å gå tilbake til den stillinga.

– Men kan du vera statsråd og samstundes stilla som ordførarkandidat i 2019?

– Nei, anten er du statsråd eller så er du det ikkje. Du kan ikkje stilla til val samstundes. Men du kan vera det fram til nominasjonsprosessen vinteren 2019 og så gå av.

Spennande haust

På formiddagen valdagen sette Søviknes opp sitt eige tips til korleis valet ville gå.

Han trefte ganske bra (resultatet per no i parentes):
Rødt 3,1 (2,4), SV 6,9 (6,0), AP 27,9 (27,4), Sp 9,1 (10,3), Mdg 3,6 (3,2), V 4,3 (4,3), KrF 4,6 (4,2), H 24,1 (25,1), Frp 15,2 (15,3), Andre 1,2 (1,8).

– Eg oppjusterte jo Frp sitt tal til 16-talet utover dagen. Det gjorde eg på bakgrunn av signal eg fekk frå partivener forskjellige plasser. Rogaland blei bra, Hordaland bra og Møre og Romsdal veldig bra. Vi klarte å mobilisera olje- og gassindustrien og vann Vestlandet. Eg blei litt vel optimistisk for at det også skulle spre seg til resten av landet.

– No blir det ein spennande haust. Det kan bli alt frå tett samarbeid med V og KrF til meir sak til sak-samarbeid, både med dei to partia og sågar med AP i einskilde saker. Det er ikkje utenkjeleg å kunne snakka med dei i nokre saker om dei er villige til det.

– Samstundes så skal komitear og oppgåver på stortinget fordelast, så det er ganske ope. Alt heng samen med alt, avsluttar Terje Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.