Testa fyrverkeri på Særvoll

Høyrde du smell frå Særvoll i kveld? Her er forklaringa – og ein kort video av det Lothepus skaut i lufta i kveld.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag i 18.30-tida byrja det å smella frå Særvoll. Enkelte av dei som ikkje var nær nok til å sjå kor fargesprakande himmelen var, ringte til Midtsiden og lurde på om det var skyting.

Men det var berre go'stemning på Særvoll i kveld.

– Festival Fyrverkeri heldt demo for kundar før årets sal av fyrverkeri, fortel Frøydis Ekerhovd.

Saman med ektemannen Kent Ivar Mjølkeråen var ho vertsskap for Festival Fyrverkeri og ein god gjeng med tilskodarar. Festival har tidlegare køyrd demoen i Ådnadalen, men kom til Særvoll via ein samarbeidspartnar.

– Det er ikkje ofte vi har hatt så mykje folk samla i Særvollsvika, det var sikkert rundt 200 skodelystne.

Møtte Lothepus og tente pengar

Festival har med seg Lothepus som representant for nyttårsstemninga, og han var det både unge og vaksne som ville helsa på.

Nokre av ungane i nabolaget, Isabella og Frida i 2B, og Jessica og Reni i 1C ved Nore Neset barneskule nytta folkefesten til å tena pengar.

Dei har nemleg omvendt julekalender på skulen, der dei samlar inn pengar til SOS Barnebyer. I dag selte dei gløgg og vaflar for 480 kroner.

Dei fire poserer på bildet saman med vennane Karina, Ina Marie og Liam.

• Komande nyttårsaftan blir det, som sist, eit stort fyrverkeri utanfor Os hamn 1. nyttårsdag.

• Her kan du sjå fyrverkeriet frå inngangen på 2016 og 2015.

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.