Sport | 02. feb. 2016

Testa nytt mannskap

Sandal hadde fire spelarar på test med seg i dagens treningskamp mot Gneist, éin av dei frå 1. divisjon, ein annan frå Serbia.

Testa nytt mannskap
Brørne Sandal fekk i dag sjå fire prøvespelarar i aksjon mot Gneist. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. feb. 2016 22:08

For ei god veke sidan spelte Lysekloster vinterens første treningskamp. Mot avdelingskollega Nest-Sotra blei det 1-3-tap i Vestlandshallen.

Tysdag var det kamp heime mot Gneist. I dag var resultatet snudd.

Gneist vann 4. divisjon avdeling 2 i fjor og er blant andre Os sin motstandar i 3. divisjon avdeling 7 i år.

Lysekloster - Gneist 3-1 (2-0)
Målskårarar, Lysekloster: Aleksander Andersen, Sigve Rørstad og Ola Sjømæling.
Lysekloster: Ole Christian Olsen - Ola Sjømæling, Baste Jonassen, Gojko Ivkovic, Aleksander Andersen - Espen Birkeland, Joakim Hjelmeland og Ole Kristian Rødal - Ken Joar Føyen, Sigve Rørstad og Thomas Aarsund.
Innbytarar med speletid: Martin Eidsvik, Hans-Christian Nysæther, Steffen Finsådal, Velco og keeper Chris Sunde Midtun som utespelar.

Lysekloster måtte med andre ord klara seg utan blant andre Ståle Steen Sæthre, Tommy Gaustad og Christer Olsen i dag. Til gjengjeld fekk dei sjå fire nye spelarar i aksjon.

Frå OBOS-ligaen til Lysekloster?

Dei fire nye spelarane, ingen av dei førebels signert, er:

Thomas Aarsund, kant-/angrepsspelar frå Brattvåg, som til liks med Lysekloster rykte opp frå 3. divisjon til PostNord-ligaen i fjor.

Ken Joar Føyen, kantspelar frå Solid.

Ole Kristian Rødal, midtbanespelar frå Kristiansund, som kom på 3. plass i OBOS-ligaen (1. divisjon) i 2015.

– I tillegg har vi ein som kom frå Serbia til Noreg og no bur hos Gojko, den 16 år gamle spissen Velco, fortel Sandal.

Han vil ikkje koma inn på enkeltspelarar og korleis dei presterte i dag.

– Som lag hadde vi både gode periodar og mindre gode periodar, men det var samla sett ein ok treningskamp, synes Sandal.

Neste treningskamp går i Vestlandshallen mot nyopprykka 3. divisjonslaget Vestsiden Askøy torsdag i neste veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.