Lokal | 19. juli 2014

Tett med hundeskit i Vikjo

Pass på før du legg ut handkledet ditt denne helga!

Tett med hundeskit i Vikjo
Det ligg tett med hundeskit i Mobergsvikjo. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. juli 2014 07:05

Ikkje alle hundeeigarar er like flinke til å fjerna avføringa etter sin firbeinte ven. Truleg har dei som har lagt frå seg kabel etter kabel i Mobergsvikjo dei siste dagane heller ikkje hatt band på seg.

Fredag blei Midtsiden tipsa om store mengder hundeavføring på plenen i friluftsområdet Mobergsvikjo.

På døra til toalettet heng skilt med påminning om bandtvang og oppmoding om å bruka hundepose, men dette er det tydelegvis fleire som drit i.

Badegjestane tar risikoen

I fjor gjekk ein politikar frå Sotra ut med forslag om hundeavgift på 10.000 kroner i året. Andre følgte opp med forslag om bøter til hundeeigarar som ikkje bruker pose (og tar denne med seg etterpå).

Men førebels ser det ut som om badegjestar tar all risiko.

Skiten ligg tett på plenen i Vikjo og med godvêret som no er tilbake vil skiten truleg bli til stor sjenanse dei neste dagane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.