Lokal | 08. sep. 2014

Ti dagar med sol!

... og temperaturane skal auka fram mot helga.

Ti dagar med sol!
Os hamn i dag. Vêret skal halda seg solrikt og stille i minst ei veke framover. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. sep. 2014 11:25

Etter ein grå laurdag og ein våt søndag letta skyene over Os på formiddagen måndag.

Dei neste dagane blir minst like solrike, dessutan skal temperaturen auka frå 14 til 18 gradar, og skapa fin seinsommarstemning i Os i over ei veke fram.

Storm melder sol så langt varselet rekk, til godt over helga, og på Storm vs Yr er det meldt 15 gradar tysdag, 17 onsdag og kanskje endå ein grad eller to varmare til helga.

Med unntak av tysdag kveld, då det er meldt 7-14 m/s vind, skal det halda seg ganske stille, på 1 til 4 m/s.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.