Kultur | 16. juni 2017

Ti dagar til start for årets skulptursymposium

Skulptursymposiet er tilbake, 18 år etter start og 4 år sidan førre symposie. – Eg har sakna det, seier Arne Mæland.

Ti dagar til start for årets skulptursymposium
Det blir 11 dagar med jobbing for dei 10 kunstnarane som kjem til Os om ei god veke. Her frå symposiet i 2011. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. juni 2017 13:58

Annakvart år sidan 1999 har det vore internasjonalt skulptursymposium i Os, med unntak av 2015, då det var skulpturvandring (i 2014 var det eit målarsymposium).

Til vandringa kom ferdige skulpturar utstilte ulike stadar i sentrum, under symposiet er det ei dryg veke med jobbing av to handfuller med handplukka internasjonale skulptørar - før dei ferdigselte skulpturane blir delte ut til kjøparane på loddtrekning.

– Etter opninga av nybygget i Vognhallen søndag 25. juni, med inviterte gjestar, startar kunstnarane å jobba måndag 26. juni, fortel Arne Mæland.

– Det blir 11 produksjonsdagar og utdelingsseremoni laurdag 8. juli.

Salsutstilling med små skulpturar

Publikum som vil koma og sjå kunstnarane jobba, og samtidig få ein kopp kaffi i nybygget, er som vanleg velkomne.

– I tillegg skal vi ha ei utstilling med små skulpturar, sånn vi med suksess hadde sist.

Dette er ei salsutstilling og opnar for at også dei som ikkje har haug på kontoen eller eige firma kan kjøpa internajsonal kunst under symposiet.

6 av 10 er heilt nye

Mæland seier han har sakna tida med kunstnarar på besøk for å jobba i Os.

– No ser eg fram til travle, men sosiale dagar, og til å visa Os til gjestane. Seks av dei ti kunstnarane som kjem i år har aldri vore her før.

Her er årets kunstnarar:
Andrea Berni (Italia)
Isao Sugiyama (Japan)
Marton Varo (Ungarn/USA)
Boutros Romhein (Syria)
Corrado Marchese (Italia)
Irene Giannchini (Italia)
Karin Van Ommeren (Holland)
Silvio Cor- sini (Italia)
Mohamed Naguib Moein (Egypt)
Knut Bryn (Norge)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.