Innfelt, maleri av Dag Thorkildsen. Onsdag ettermiddag er det vernissasje.

Tidleg sesongstart på Vedholmen Galleri

Onsdag opnar galleriet si første separatutstilling i 2017, med abstrakte maleri av Dag Thorkildsen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag ettermiddag er det sesongopning ved Vedholmen Galleri, som har rekordtidleg opning av ny utstilling.

– Det er med stor glede og ære å kunne ønske velkommen til Dag Thorkildsen si første separatutstilling hos oss, seier gallerist og kunstnar Vibeke Harild.

Thorkildsen, som fyller 68 år i år, starta kunstnarutdanninga si på slutten av 60-talet, var festspillutstillar i 1978, har stått for utsmykking i fleire offentlege bygg og vore høgskulelektor ved det som i dag heter Kunst- og designhøgskolen i Bergen frå 1980.

– Dag Thorkildsen sine maleri er abstrakte. I maleriet vender han seg vekk frå einkvar konkret avbilding av vanlege gjenstandar og former, og vektlegg andre aspekt, som farge, rom, lys og komposisjon.

– Han utrykker ei spesiell stemning eller ein tanke som publikum kan ha som følgetråd for eigne erfaringar eller opplevingar i møte med hans kunst, seier Vibeke, dagen før opning.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Iskaldt comeback

24. april 2017

Alexander Heggland har ikkje spelt Norgescup på fire år. Comebacket i helga blei ei kald oppleving.

bilde-midtsiden

Vinter i april

24. april 2017

I går kom snøen, i dag kom sola - og i neste veke skal det bli minst 10 gradar varmare.

bilde-midtsiden

Spennande song og dans på Haugland

24. april 2017

Kajsa Balto tolkar norsk folkemusikk med samiske tonar i Studio E39. Kristine Nilsen Oma kjem med spesiell danseframsyning.

bilde-midtsiden

Alle vil feira 70-åringen

23. april 2017

MS Midthordland fyller 70 år i år. Kommunane Samnanger, Fusa, Tysnes og Os vil ha cruise for å feira «Dronninga av Bjørnafjorden».

bilde-midtsiden

Dyr køyring i sentrum

23. april 2017

Fekk 5350 kroner i forenkla forelegg for å køyre i sentrum natterstid. Mann herpa biler og var valdsam.