Lokal | 26. mai 2017

Tidleg start på årets Friluftsskule

Rapellering, padling og tenning av bål - årets Friluftsskule har fokus på padling og sjøliv, og blir arrangert over ein månad tidlegare enn i fjor.

Tidleg start på årets Friluftsskule
Dei to første dagane av Friluftsskulen er her på Vinnesholmen, dei to neste på Ramsholmen utanfor Halhjem. (Foto: Vidar Øvredal)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. mai 2017 13:35

Bergen og omland friluftsråd (BOF) set også i år opp Friluftsskule i Os og Fusa i samarbeid med den lokale friluftsmannen Vidar Øvredal.

Friluftsskulen har eit program lagt opp for ungar i eldre barneskulealder, fødd frå 2004 til 2006 (11 - 13 år), og inkluderer fire dagar i naturen, med overnatting i telt den første natta og oppmøte om morgonen dei andre tre, og eit opplegg

– Det blei heldigvis ein suksess i fjor, seier Vidar om skulen som sto i fare for å bli kansellert i 2016.

Andre stadar i landet er det venteliste for å få plass på desse skulane, og etter omtale av situasjonen kom det sju påmeldingar på eitt døgn og Friluftsskulen blei gjennomført.

Tidlegare respons i år

I år er det sett opp to Friluftsskular, denne gong i overgangen juni-juli, i veke 26 og 27, ikkje i august som i 2016.

– Halvparten av plassane er allereie bestilte, seier Øvredal nøgd.

I utgangspunktet gjekk påmeldingsfristen ut 20. mai, men med ledige plassar er denne utvida.

På Vinnes og Ramsholmen

Friluftsskulen går over fire dagar per veke. Dei to første dagane er på Vinnesholmen i Fusa, dei to neste dagane er på Ramsholmen, rett utanfor Halhjem ferjekai.

– Ungane frå Os møter på Hatvik ferjekai den første morgonen, transport til Vinnes ordnar vi arrangørar. Overnatting i telt er valfritt, dei som eventuelt vil sova heime kan møta på gjestebrygga i Os på dag to, og bli henta med båt.

Dei neste tre nettene søv ungane heime, akkurat som om dei går på handball- eller fotballskule, men får heile dagen utandørs.

– Deltakarane skal få læra både i tenna bål og setja opp telt. Dei skal få leika og dei skal få læra seg å padla. Vi kjem til å ha fokus på sjøliv, så litt om kart og kompass skal vi òg ta med, seier Vidar.

Heile programmet kan du sjå på BOF sine heimesider.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.