Sport | 01. des. 2016

Til alle fotballglade norenesingar

Lesarinnlegg: Vi treng ein bane til! Helsing bestemor.

Til alle fotballglade norenesingar
Bygginga av bane nummer to på Nore Neset går førebels ikkje for fullt. Dette bildet er tatt i november. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. des. 2016 11:57

Hei, alle fortballglade vaksne, du som speler fotball, eller har andre i familien som har glede av idrettsanlegget på Nore Neset.

For ei tid tilbake sende Nore Neset idrettslag ut ein blankett der dei spurte om norenesingane ville vera med å bidra til den nye fotballbanen.

Dette syntes eg var eit godt påfunn.

Men, med meg, som sikkert fleire, blei det gløymt. Så fann eg blanketten igjen, og gav eit bidrag.

No høyrde eg at prosjektet var sett på vent, det er ikkje nok pengar.

Derfor oppfordrar eg alle norenesingar som bruker banen, eller besteforeldre med barnebarn som nyttar den, til å støtta opp om dette prosjektet.

Vi treng ein bane til!

Helsing ei engasjert bestemor

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.