Sport | 25. okt. 2017

Til Belgia med landslaget

Madelen Koldal Holme er tatt ut til J15-landslaget sine første kampar utanlands.

Til Belgia med landslaget
Madelen med flagg på brystet, her på Hamar mot Sverige. No skal ho utanlands med landslaget. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. okt. 2017 13:07

Madelen Koldal Holme (15), som 3. oktober debuterte i Toppserien med Sandviken, er tatt ut til landslagstroppen som søndag reiser til «National Football center Tubize» for å spela to kampar mot 15-åringane til Belgia.

– Eg er veldig glad for uttaket og ser fram til å reisa utanlands med troppen, seier Madelen til Midtsiden.

Ho debuterte for Noreg då J15-landslaget i september hadde sine første kampar, begge mot Sverige (2-1 og 0-0). Madelen spelte begge kampane, den første av dei frå start, men var ikkje heilt frisk.

– Etter at eg blei frisk igjen har det gått veldig bra på trening, seier Madelen, som nyleg var 11 dagar på Camp Mallorca.

– Eg hadde stort utbyte av campen, ikkje minst på det teoretiske, på måten du tenkjer og korleis du førebur deg til trening. Alt gjekk veldig fort då vi hadde dei spanske instruktørane.

Kan mista serieinnspurten

Kampane mot Belgia går onsdag og fredag 1. og 3. november. Sidan Holme har vore på Mallorca har ho ikkje hatt fleire sjansar enn debuten i Toppserien.

– Det er kamp på laurdag, og eg reiser søndag, derfor er eg usikker på om eg er aktuell til troppen i neste kamp for Sandviken. Siste serierunde går mens eg er i Belgia, fortel Lysekloster-jenta.

• Sjå heile troppen på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.