Sport | 25. juni 2015

Til finale i Baku!

Først klinte ho til med ny personleg rekord og plass i semifinalen, så kom Ariel på 6. plass blant dei 16 beste på 200 meter - og sikra finaleplass.

Til finale i Baku!
Ariel Braathen (t.v.) tok seg til semifinale på 50 meter og er no klar for finale på 200 meter bryst i Baku. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. juni 2015 07:19

Ariel Braathen er på plass i European Games i Baku, og sjølv om det ikkje var favorittdistansen onsdag svømte havfrua frå Søfteland inn til ny personleg rekord med god margin på 200 meter bryst.

Ny pers er 2.32.66, rundt 3 sekund raskare enn førre rekord. Her kan du sjå video av då Ariel sette rekord.

Med denne tida kvalifiserte Braathen seg til semifinale, der ho nesten tangerte den ferske rekorden og med 2.32.82 tok 6. plassen blant 16 semifinalsitar og er kvalifisert til finale.

Ariel har med dette også tatt seniorlandslagskravet.

Til semifinale på 50 meter

For Ariel sin del starta Baku med 50 meter tysdag. Også der tok ho seg til semifinale då ho med 32,82 landa på 13. plass av 34 deltakarar.

I semifinalen blei det delt 13. plass av 16 deltakarar.

50 meter var hennar tidlegare favorittdistanse, men då hovudmålet er OL i Rio har ho den siste tida hatt fokus på 100 meter.

100 meter bryst blir først på fredag, torsdag ettermiddag blir det finalar på 200 meter bryst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.