Kyrkjevergje Gerhard Hansen orienterte om gravplass-situasjonen i Os på budsjettkonferansen (foto: Andris Hamre)

Til Fusa for å gravleggast?

Os kommune treng fleire graver. Kan resultatet bli eit tilbod om gravlegging i Fusa?

Av: Andris Hamre

Då kyrkjevergje Gerhard Hansen og nestleiar i soknerådet Arne Tveit vitja Os kommune sin budsjettkonferanse onsdag blei behovet for nye areal til gravplassar diskutert.

– Lova krev at vi til ein kvar tid skal ha 3% ledige graver. Med 20 000 innbyggjarar må vi alltid ha 600 plassar i reserve. Korleis situasjonen blir når vi slår oss saman med Fusa har vi ikkje oversikten over enno.

– Dette er ein del av voksesmertene for ei kommune i vekst. Per i dag er dødsraten i Os på 0,5-0,6% mot 1% i resten av landet, men det er grunn til å tru at raten i Os vil auka i åra som kjem. Ikkje minst når vi kjem på slutten av 2020 og på 2030-talet då dei store etterkrigskulla når forventa levealder, innleia Hansen.

For kvar hundrede nye innbyggjar i Os, skal kommunen ha tre nye reservegraver. Lovkravet kom etter den store Aleksander Kielland-ulykken i 1980, då det viste seg at mange bygder ikkje hadde kapasitet til å gravlegga dei omkomne.

Status i dag

Per i dag har kyrkja følgjende ledig kapasitet.

Os gravlund er i utgangspunktet full men det er nokre urnegraver ledig og nokre få frigjorte graver.

På Nore Neset er det 82 ledige kistegraver og 30 urnegraver.

På Kuventræ er det per i dag 161 ledige kistegraver og 100 ledige urnegraver. Når resten av gravplassen på Kuventræ blir godkjent innan kort tid vil det i tillegg komma 700  nye kistegraver, 150 nye urnegraver og 160 plassar på ein namna minnelund.

– VI rekner med at Nore Neset vil bli full i 2020/21. På Os er det veldig lite tilgang. Når Nore Neset er full, har vi berre Kuventræ igjen. Difor må ein tenkje langsiktig på dette. Ein må ha mot til ikkje berre å tenkje 5-10 år fram i tid, men å setta ein null eller to bak det. Det er viktig å ta vare på tradisjon og verdigheit rundt dette med gravferdskulturen, poengterte Hansen.

Kva med Fusa?

Hansen fortalde at, medan ein i Os har tre gravplassar så har ein i Fusa ti. Men å sende osingar til Fusa for gravlegging var ikkje dei to frå kyrkja veldig lystne til.

– Det er doke som politikarar som er forplikta til å framskaffa nok gravplasser. Det er klart de kan seie at alle skal gravleggast i Fusa, men eg trur ikkje eg ville ha satt i kommunestyret og sagt det, kommenterte Arne Tveit.