Lokal | 02. mai 2016

Til høgre ut av sentrum

Frå natt til måndag er det forbode å svinga til venstre når du skal på Byvegen frå Øyro.

Til høgre ut av sentrum
I natt blei desse skilta «avduka», no må du svinga til høgre om du har vore på Instinct og kjøpt deg ny bukse. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. mai 2016 07:21

Av fem vegar ut frå Os sentrum er det no påbode å svinga til høgre frå to av dei.

Les òg: Snart blir dette forbode

Som einaste kommunale tiltak i samband med at E39 retning nord frå natt til måndag og fire månadar fram går gjennom Os sentrum, er det no forbode å svinga til venstre når du skal ut Øyro ved Lundehjørnet.

Dette krysset er frå før eit problemkryss. På spørsmål om påbodet om høgresving kan bli permanent svarte teknisk sjef Marianne Kramer dette i mars:

– Det er ingen vedtak på det, men det er ikkje umogleg.

Eitt alternativ frå Telthuskvartalet

Har du vore i Telthuskvartalet kan du for tida heller ikkje køyra inn mot sentrumskjerna og ut Torggata til rundkøyringa.

Dette er grunna dekkearbeid på Øyro.

Les òg: I dag kom det nye bygolvet

Dei andre vegane ut frå Os sentrum er Brugata til Hatvikvegen, med sving til høgre-påbod, og Landboden og Jordmorsvingen i nord.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.