Lokal | 23. des. 2017

Til legevakt etter slagsmål

Éin blei køyrd i arresten, ein annan til legevakt med skade i hovudet etter slåstkamp utanfor Essoen i natt.

Til legevakt etter slagsmål
Det skal ha vore 4-5 personar involvert i slåskampar utanfor Esso i natt. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. des. 2017 08:21

Klokka 03.13 natt til laurdag fekk politiet melding om slåstkamp med 4-5 involerte personar. Politi og ambulanse rykte ut til staden.

Politiet var på staden klokka 03.20.

Då skal folk på staden ha fått kontroll på ein av dei aktive i slåstkampen. To personar blei vist vekk, men før dei var kome seg vekk frå staden barka dei saman igjen.

– Éin person, ein mann på 30 år, blei køyrd til legevakt med skade i hovudet etter spark. Mistenkte, ein 25 år gamal mann, blei køyrd til arresten i Bergen, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

– I første melding fekk vi beskjed om at ei jente var bevisstlaus etter å ha vore involvert i slåstkampen, men jenta var ikkje skadd.

Meldt for hatefull ytring

Politiet har også fått melding om hatefulle ytringar.

– Det skjedde også på Essoen. Vi har videopptak av det, men førebels er det ukjente gjerningspersonar, seier vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

Episoden er meldt.

Bilførar køyrd til rusakutten

Tidleg laurdag kveld, litt over klokka 19, stoppa politiet ein bil ved Kiwi Moberg.

Bilførar, ein 35 år gamal mann, viste seg å vera svært full.

Han blåste til over 2 i promille, og blei køyrd på rusakutten.

Rundt midnatt fekkpolitiet melding frå ein drosje som hadde problem med ein passasjer.

– Det var ei jente som hade tatt taxi frå Bergen til Os, men som ikkje hadde pengar å betala med.

Stoppa fest og krangel

I løpet av kvelden fekk politiet melding om krangel i eit nabolag.

– To personar hadde ein eigedomskrangel som blussa opp i dei store nedbørsmengdene. Det ser ut til å vera ei usemje dei har hatt ei tid, og handla laurdag kveld om korleis den eine drenerte overflatevatnet frå ei takrenne.

Dei to fekk pålegg om å halda seg unna kvarandre resten av kvelden.

Rundt midnatt kom ei melding frå eit anna nabolag, ikkje så langt frå dei to som krangla. Der handla om det om støy.

– Det var høg musikk og mykje feststøy. Dei fekk pålegg om å dempa seg.

Mykje vatn i vegbanen

Politiet har fått fleire meldingar om mykje vatn i vegbanen ulike stadar i distriktet i natt.

Fredag kveld blei Ole Bulls veg over Søvikåsen stengt

I Os er det særleg Hegglandsdalsvegen ved Hjelle som har hatt mykje vatn i vegbanen. Det skal halda fram med mykje nedbør i dag, bilistar blir oppmoda om å køyra varsamt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.