Lokal | 22. juli 2016

Til Os kommunestyre: Ver djerv – og vis ansvar!

Lesarinnlegg: Os kommunestyre må løfta blikket og sjå det store biletet. Bru over Bjørnafjorden er ikkje vegen inn i framtida.

Til Os kommunestyre: Ver djerv – og vis ansvar!
(Illustrasjon: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. juli 2016 11:34

Os kommunestyre må løfta blikket frå det snevre framlegget frå Statens vegvesen og sjå det store biletet. Bru over Bjørnafjorden er ikkje vegen inn i framtida for kommunen vår og resten av regionen.

Statens vegvesen har arbeidd på høggir med framlegget til den statlege kommunedelplanen som viser korleis dei ser for seg at nye E39 bør gå mellom Os og Stord. No står det att å sjå om samferdsledepartementet deler vegvesenet sitt syn på korleis bru, veg og tunnelar vert kopla saman. Til hausten får Os kommunestyre framlegget til behandling.

Tre snevre spørsmål

Dersom departementet sluttar seg til framlegget frå vegvesenet, er det tilsynelatande tre spørsmål kommunestyret må ta stilling til:

Korleis brua over Bjørnafjorden vert kopla til den 7 km lange tunnelen frå Røttinga til Moberg, korleis samankoplinga med det eksisterande vegnettet mellom Moberg og Svegatjønn skal skje og kva følgjer anleggsperioden vil få for natur, miljø og trafikkavvikling i kommunen vår.

Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden meiner kommunestyret bør ta eit langt vidare perspektiv.

Eksploderande kostnadsauke

Vi er samde i at det er ønskjeleg å gjera E39 ferjefri – ikkje minst mellom Bergen og Stavanger. For Os er det spesielt viktig å få slutt på støyande og tidvis farleg gjennomgangstrafikk. Vi må difor arbeida for å avvikla ferjetrafikken over Halhjem så raskt som råd.

Etter vår meining gjer vi ikkje det dersom vi held fram med å argumentera for å erstatta ferja med bru over Bjørnafjorden. Den eksploderande kostnadsauken frå 19 til 43 milliardar for parsellen Stord–Os berre dei siste fire åra, gjer det langt, langt vanskelegare å få finansiert prosjektet.

Auken medfører dessutan så høge bompengesatsar at den estimerte trafikkveksten forsvinn. Nettopp denne trafikkveksten var ein av dei viktigaste føresetnadene for prosjektet.

Raskare å realisera indre alternativ

Det er gått med 2–3 år til å planleggja midtre alternativ med bru over Bjørnafjorden i staden for indre alternativ rundt fjordbassenget og med bru over Samnangerfjorden. Likevel er det god grunn til å tru at dette siste alternativet kan realiserast raskare. Det skuldast både kostnadsutviklinga (som vi truleg ikkje har sett slutten på enno) og dei tekniske utfordringane som bru over Bjørnafjorden representerer.

Eit indre alternativ gjer det dessutan muleg å realisera prosjektet meir etappevis, ved eksempelvis å nøya seg med to køyrefelt på delar av strekkja inntil trafikkveksten gjer ei utviding naudsynt.

Kostnadene med å greia ut korleis brua kan realiserast er ikkje bortkasta, sjølv om ho ikkje blir noko av. Kunnskapen vil koma til nytte når fleire fjordar mellom Bergen og Trondheim skal kryssast; fjordar der det ikkje ligg føre alternativ med å gå rundt fjordbassenget slik tilfellet er med Bjørnafjorden.

Viktig for den nye Bjørnefjordskommunen

Fusa og Os vil venteleg bli slått saman til Bjørnafjorden kommune i nær framtid. Å knyta dei to kommunane saman med ei bru vert viktig, og det vert no teke initiativ for å få det til. Val av midtre alternativ er eit feilsteg, men tenkjer vi nytt og går vidare med det indre alternativet for E39 får vi ei naturleg samanbinding av Os og Fusa.

Indre alternativ via Samnanger til Arna vil dessutan medføra at trafikk som kjem sørfrå og skal til Bergen nord (Åsane) eller vidare nordover, ikkje vil konkurrera med lokaltrafikken frå Os som skal inn til andre deler av Bergen. Dette aspektet har vore lite framme i debatten til no.

Flott natur og eit landlege bumiljø gjer at mange ønskjer å slå seg ned i Os. Med ny og raskare veg til Bergen i 2022 aukar utbyggingspresset truleg enno meir i kommunen vår. E39 gjennom Tysnes og Fusa vil opna opp store og flotte areal for både bustadbygging og næringsføremål. Dermed blir utbyggingspresset fordelt på fleire; og vi får ei heilskapleg og god arealutnytting i heile den nye Bjørnefjordskommunen.

Egil Haugland og Marie Hauge,
styremedlemmar i Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.