Næringsliv | 23. jan. 2011

Til sak mot Lunde

Selte 240 båtar for Johs Lunde i 2009: - Vi har ikkje fått oppgjer, seier Henrik Asvik til Midtsiden.no.

Til sak mot Lunde
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. jan. 2011 11:57

Hausten 2008 gjekk Askeladden-produsenten Henrik J. Askviks Sønner AS konkurs.

Fredag 9. januar 2009 selte banken delar av konkursbuet til Lunde Gruppen. Salet besto av 243 Askeladden-båtar.

Fem dagar seinare fortalte marknadssjef hos Askviks Sønner, Leif Bergaas, at han følgte Henrik Askvik og Georg Askvik i deira engasjement for Lunde Gruppen.

Henrik og Georg (som er i slekt, men verken er brødre eller fetrar, som fleire skriv, red. anm.) eigde to tredelar av det konkursramma selskapet. No skulle dei selja sitt eige konkursbu for Johs Lunde.

- Det var som ei lita verksemd. Det var myje arbeid, med klargjering, kommunikasjon med forhandlarar og andre kjøparar, pakking og transport, seier Henrik Askvik til Midtsiden.no.

Meir eller mindre alle dei 243 båtane var selt innan juni same år.

Laurdag fortalte Finansavisen om korleis Johs Lunde slit med pengekrav rundt Norsk Båtsenter. I same oppslaget fortel dei at Askvik-gutane går til sak.

- Vi har ikkje fått oppgjer for arbeidet vi gjorde våren 2009, så vi meiner Lunde Gruppen ikkje har halde sin del av avtalen, seier Henrik Aksvik til Midtsiden.

Saman med Georg krev han 3 millionar kroner av Lunde.

Administrerande direktør Johannes Lunde hevdar ifølgje Finansavisen at Askvik ikkje har halde forhandlaravtalen og seier han ser fram til å møta dei i retten.

Saka mot Lunde Gruppen og Johs Lunde Marine Group skal opp i Stavanger tingrett i slutten av februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.