
Til VM i Vegas
Årets verdsmeisterskap i handbak blir arrangert i Las Vegas, USA. Av ein norsk tropp på sytten er heile åtte frå Os.
Midtsiden møtte brytarane på trening fredag kor dei tok den siste finpussen.
- Vi er i godt slag alle mann og satsar på å koma så høgt som mogleg på resultatlista, smilar "the Grand Old-man" Arne Thuen.
Og høgst mogleg når ein snakkar om denne gjengen er som regel gull.
2500 kampar
Kampane går frå onsdag 8. desember. Totalt reknar karane med at det skal brytast omlag 2.500 kampar i løpet av dei fire dagane konkurransen pågår.
- Det blir tøff konkurranse, men vi er litt usikre på om alle austeuropearane får innreiseløyve, så det kan jo gjera det litt lettare, fortel Frode Veim Haugland.
- Vi har mellom anna hørt at halve laget frå Ukraina ikkje har fått løyve.
Tar ferie
Tre av Oskarane har bestemt seg for å ta ei rundreise i USA etter at konkurransa er over.
- Nokre av oss tek ei ekstra ferieveke slik at vi får sett litt meir av USA når vi først tek turen over dammen, avsluttar Arne Thuen før han reiser heim for å pakke kofferten.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no