Lokal | 23. nov. 2014

Til Ybbs for SIFA

Ungdom til Austerrike for å diskutera trygt internett.

Til Ybbs for SIFA
Thomas Dale, Stine Rønnestad, Maria Lind Olsen og Karl Georg Haukefør skal til Austerrike for å diskutera internett (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 23. nov. 2014 09:16

Elevar ved Os Vidaregåande skule reiser i byrjinga av desember til Ybbs, omlag ein time utanfor Wien i Austerrike for å læra korleis elevar i Sverige, Polen, Hellas og Austerrike ser på det å bli avhengig av internett.

– Det er ein workshop kor vi skal læra og diskutera internettavhengigheit.

– Kva er det eigentleg og korleis kan det gå utover vanleg sosial omgang, nemner dei fire ungdommane som døme på det dei trur dei skal diskutera.

Stine Rønnestad, Thomas Dale, Karl Georg Haukefør og Maria Lind Olsen reiser til Austerrike saman med lærarane Tone Hadler-Olsen og Mona Stigen Heggeland.

Trur det er skilnader

Turen er den første workshopen i ein serie over to år i eit EU-finansiert prosjekt kalla SIFA (Safe internet for all).

– Korleis blir det å møte ungdommar frå dei andre landa, trur de det er stor skilnad på dykkar internettbruk og deira?

– Det er nok ein god del forskjell på oss og dei frå Hellas.

– Eg trur vi har lettere tilgang fordi vi har betre økonomi i Noreg, analyserar Lind Olsen.

Vil spre kunnskap

I Austerrike skal ungdommane jobba fram brosjyrer og informasjon omkring temaet.

– Det er ikkje berre desse fire som skal få nytte av diskusjonane, men også dei andre elevane på skulen.

– Difor er ei av oppgåvene dei skal løyse i felleskap å laga ei brosjyre dei kan nytte i heimlanda sine for å dela kunnskapen og haldninger til sunn nettbruk, forklarar Tone Hadler-Olsen.

Fleire skal med

I februar kjem elevar frå dei fire andre landa på visitt til Os. Dei fire som har vore i Austerrike vil då få eit særleg ansvar for å vera vertsskap, men dei neste turane, til Sverige, Hellas og Polen er det andre elevar som skal få vera med på.

– Dette er eit prosjekt for heile skulen. Difor er det naturleg at fleire blir involvert.

Er spente

I Austerrike skal elevane bu heime hos vertsfamiliar.

– Det blir spennande, men òg interessant.

– Vi skal jo bu i andre sine hus og får sjå korleis dei har det i det daglege livet, seier dei fire.

Dei fire er dei første elevane frå Os vidaregåande skule, i allefall i seinere tid, som deltek på eit slik prosjekt.

– Det er nokre elevar som har utveksling med arbeidspraksis i Spania.

– På elektro kan alle i fylket søke om å få ta eitt år i Tyskland, men vi er nok dei første her på skulen som er med på eit prosjekt som dette, avsluttar dei fire elevane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.