Kultur | 23. okt. 2014

Tilbake i ny musikal

Ståle Ytterli, som spela hovudrolla Arnfinn i Havfest, er fredag tilbake i Oseana i storsatsinga «Kjærleikens ferjereiser».

Tilbake i ny musikal
Ståle Ytterli, her i rolla som Arnfinn i Havfest, er med i Sogn og Fjordane Teater si storsatsing Kjærleikens Ferjereise (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 23. okt. 2014 11:49

Havfest blei på mange måtar signaturstykket til Oseana, då den blei satt opp som den første store produksjonen i Oseana i juni 2011 som ein del av opninga av kunst- og kulturhuset. I hovudrolla Arnfinn, menneskje som Heidi Tronsmo si rolle Guri Kunna forelska seg i, fann vi Ståle Ytterli.

Fredag er Ytterli tilbake i Oseana. Denne gongen i ei ny musikalsk storsatsing, men med eit anna ensemble.

Sogn og Fjordane Teater står bak musikalen «Kjærleikens ferjereise» basert på Edvard Hoem sin kritikarroste roman, tonesett av Henning Sommero.

Innstilt til Nordisk Råds litteraturpris

Romanen «Kjærleikens ferjereiser» av Edvard Hoem kom ut for første gong i 1974 og vart innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. Romanen er like aktuell i dag som då den kom ut for 40 år sidan, og blir no teken til scena i ein storslagen musikal med populærmusikk.

I framsyninga følgjer ein forfattaren sine tankar tilbake til ei tid han for lengst er ferdig med. Til Ramvik, denne forblåste plassen som ingen nokon gong har høyrt om. Til eit samfunn som for lengst er forelda. Og menneske han knapt kan hugse. Men sjølvsagt hugsar han dei, når han tenkjer seg om. Han gjer jo det: forelskinga, festen, ferja, kjøkkenet, rutebilkaféen, hybelen, hotellet, regnet? Det helsikes regnet.

Sogn og Fjordane teater lover ein fest for både auga og øyra, ikkje minst gjennom Henning Sommeros fantastiske musikk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.