Superlaget: Lagleiar Jorunn Staverløkk og matchvinnar i finalen, Dorthe Tanger Haugland, med pokalen i miksklassen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Endeleg øvst på pallen!

Her er vinnarane av årets MidtsidenCup.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

To av årets fire tittelforsvararar, vann årets MidtsidenCup.

• Følg MidtsidenCup på Facebook (her kjem det seinare endå fleire bilde frå cupen)

Vinnarane av dei to andre klassane tok 1. og 2. plass for to år sidan.

Vinnarlaga, 2017

Sjå spelarlister på vinnerlaga nedst i artikkelen.

Dameklassen
1. plass: Nederlaget FC (vann i fjor med namnet No name, No shame)
2. plass: Skøyerstrekane

Mixklassen
1. plass: Superlaget
2. plass: Rett Vest

Herrar amatør
1. plass: Sunday League Football (tittelforsvarar)
2. plass: Svette Koteletter

Herrar elite
1. plass: Kattakve (vann også for to år sidan, med namnet Ståle)
2. Boca Juniors

Gode jenter på supert mixlag

– Thuan N. Nguyen, som spelte med oss då vi var i finalen som nykomar for to år sidan, skifta lag og skaut oss ut i semifinalen i fjor. I år har vi han tilbake, og då kom det seg, seier lagleiar Jorunn Staverløkk i Superlaget, som vann mixklassen.

Jentene gjorde det også skarpt på mixlaget, Lillian Korneliussen skåra til saman tre mål, Dorte Tangen Haugland blei matchvinnar i finalen, som gjekk mot Rett Vest.

Rett Vest har tapt finalen før. I år var det jamt, og laget fekk frispark sekundet før reveljen gjekk, og noko frustrasjon i Rett Vest-gjengen då dei ikkje fekk tatt frisparket. Finalen enda 3-2. Superlaget starta med 0-1 då lagleiar Staverløkk er aktiv.

På Superlaget spelte dessutan tre slektningar i to generasjonar, Eirik Sivertsen saman med sonen Christian og nevøen Fredrik Enes. På sidelinja sto, som vanleg, pappa/bestefar Terje Sivertsen som publikum. Han har 30 år bak seg som Lysekloster-spelar, og liker å få med seg når gutane speler.

Til finale med Norway Cup-laget frå 1988

Sunday League Football var debutant då dei i fjor gjekk rett til topps.

– I år møtte vi best motstand i finalen. Innleiande kamp mot 1-2 Svano var vanskeleg, samtidig skuffa dei og låg seg lågt, seier Erik Vågen.

I finalen møtte dei ein kameratgjeng frå Søfteland på Svette Koteletter, med ein gjeng som ikkje har spelt saman på 25 år. Laget er leia av Frode Øye, som tidlegare har vunne herrar elite med T Ullrich.

Det sto 3-3 fram til Sunday League skåra på overtid. Sunday League starta finalen 0-2 grunna aktive spelarar.

– Det var surt at dommaren la til 1,5 minutt, men kjekt at vi kom så langt, seier Øye, som hadde supplert laget frå 80-talet med nokre yngre og nokre eldre krefter.

– Eg var på veg til Zachen med nokre kameratar då Frode fredag kveld ringte og spurde om eg kunne vera med, seier eldstemann Arvid Aasen (59). Aasen skåra to mål og blei matchvinnar i den eine kampen. Yngstemann på laget er 42 år.

Fjorårsfinalistar slått ut i semifinalen

I herrar elite blei både T Ullrich og Ivory Toast, som spelte finale i fjor, slått ut i semifinalen.

Tilbake sto laga til arrangørane, Endre Brenne sitt Boca Juniors og Stian Kvåle sitt Kattakve Oldboys.

Kattakve gjekk tidleg opp i 1-0. Boca Juniors jaga utlikning, men då godt og vel halve andre omgang var spelt gjekk Kattakve opp i 2-0. Resultatet sto seg kampen ut.

Vinnarlaga:

Nederlaget FC
Vy Nguyen (aktiv)
Vilde Drange veglo (aktiv)
Andrine Døsen (aktiv)
Astrid Hilland Lærum
Sukanya Sarasiri
Elin Aadnevik
Victoria Hufthammer
Jenny Malene Sælen

Superlaget
Lillian Korneliussen
Dorthe T. Haugland
Mons Daniel Haugland
Jorunn Staverløkk (aktiv)
Frank Haugland
Dong Nguyen
Thuan N. Nguyen
Nam Nguyen
Eirik Sivertsen
Tina Haugstad
Fredrik Enes
Christian Sivertsen
Christoffer Johansen

Sunday League Football
Eirik Skåtøy
Andreas Berge (aktiv)
Remi Reiertsen
Jarle Børve
Christian Frugård
Bjarte Skaatun
Frode Lund
Jacob Lassen
Erik Vågen
Stian Brosvik Bayer
Fabian Reiertsen (aktiv)

Kattakve Oldboys
Torkel Hjertnes (aktiv)
Marius Mikkelsen (aktiv)
Rafael Villen Villen ( Aktiv )
Remi Lindborg
Børge Borgen
Jan Frode Skeie
Stian Lunde
Frode Buvik
Tore Tveit
Christer Olsen
Tim Henrik Sperrevik

• Følg MidtsidenCup på Facebook (her kjem det seinare endå fleire bilde frå cupen)