Sport | 18. apr. 2018

Tilbakeblikk og før kampen: Os - Åsane

Os har slått Åsane 1 av dei 3 siste. Her er statistikk, troppane og bildeserie frå 2012. – Dei skal ikkje få noko gratis i dag, lover Tim Henrik Sperrevik.

Tilbakeblikk og før kampen: Os - Åsane
Simen Helland Lassen i duell med Vegard Leikvoll Moberg i NM i 2012, som er sist Os møtte Åsane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. apr. 2018 08:10

Bildeserie:

Os - Åsane NM 2012. Os hamna under 0-1. (Foto: KVB)
Os - Åsane NM 2012. Os hamna under 0-1. (Foto: KVB)
Os - Åsane NM 2012. (Foto: KVB)
Os - Åsane NM 2012. (Foto: KVB)
Os - Åsane NM 2012. Sperrevik sit på huk og fortviler. (Foto: KVB)
Os - Åsane NM 2012. Sperrevik sit på huk og fortviler. (Foto: KVB)
Kampen gjekk på gras. Her er publikum. (Foto: KVB)
Kampen gjekk på gras. Her er publikum. (Foto: KVB)
Corner til Os. (Foto: KVB)
Corner til Os. (Foto: KVB)
Kanestrøm tar gamle lagkameratar med på løpetur. (Foto: KVB)
Kanestrøm tar gamle lagkameratar med på løpetur. (Foto: KVB)
Christer Olsen blir felt. (Foto: KVB)
Christer Olsen blir felt. (Foto: KVB)
Preben Borgen er trygg frå straffemerket. (Foto: KVB)
Preben Borgen er trygg frå straffemerket. (Foto: KVB)
Anders Kloven ut i strekk. (Foto: KVB)
Anders Kloven ut i strekk. (Foto: KVB)
Anders Kinden. (Foto: KVB)
Anders Kinden. (Foto: KVB)
Borgen vs Moberg. (Foto: KVB)
Borgen vs Moberg. (Foto: KVB)
Fredrik Heggland på bakerste stolpe. (Foto: KVB)
Fredrik Heggland på bakerste stolpe. (Foto: KVB)
1 av 12
Os - Åsane NM 2012. Os hamna under 0-1. (Foto: KVB)
Os - Åsane NM 2012. (Foto: KVB)
Os - Åsane NM 2012. Sperrevik sit på huk og fortviler. (Foto: KVB)
Kampen gjekk på gras. Her er publikum. (Foto: KVB)
Corner til Os. (Foto: KVB)
Kanestrøm tar gamle lagkameratar med på løpetur. (Foto: KVB)
Christer Olsen blir felt. (Foto: KVB)
Preben Borgen er trygg frå straffemerket. (Foto: KVB)
Anders Kloven ut i strekk. (Foto: KVB)
Anders Kinden. (Foto: KVB)
Borgen vs Moberg. (Foto: KVB)
Fredrik Heggland på bakerste stolpe. (Foto: KVB)

I dag blir første runde i årets NM spelt, dei fleste med kampstart klokka 18.00. Brann speler borte mot Sandviken, Sogndal borte mot Øystese og Lysekloster borte mot Arna-Bjørnar.

Os tar imot Åsane frå OBOS-ligaen.

– Åsane skal ikkje få ein millimeter gratis i dag, vi er verkeleg innstilte på å gje dei kamp til døra, seier fungerande hovudtrenar Tim Henrik Sperrevik.

Han leia Os også sist dei møttest, i NM i 2012. Då fekk Åsane ei tidleg skåring, men Os utlikna og hadde fleire sjansar på stillinga 1-1. Den gong var Vegard Leikvoll Moberg på Åsane, mens Simen Helland Lassen og Fredrik Heggland framleis spelte for Os. Ole Martin Kolskogen var 11 år gamal.

Os hadde òg Åsane i serien (2. divisjon) i 2010. Då vann Os 1-0 heime, men tapte 3-1 borte.

Lassen og Kolskogen frå start

Åsane har lasta opp både tropp og lagoppstilling på fotball.no.

To av dei tre osingane speler frå start for Åsane, Ole Martin Lekven Kolskogen og Simen Helland Lassen. Fredrik Heggland er ikkje tilbake frå skade, og går glipp av oppgjeret med moderklubben.

– Ved første augekast på troppen ser det ut som om Åsane kviler 4-5 spelarar, seier Sperrevik.

Erik Huseklepp og kaptein Hestetun er ikkje i troppen, keeper Borger Thomas, som har spelt alle dei første serierundane til Åsane, er på benken.

Samtidig er Håkon Holmefjord Lorentzen, Magnus Bruun-Hanssen og Nikolai Harris i startellevaren, og spelarar som Ueland, Ogungbaro og Antwi på benken. Åsane tar tydelegvis ikkje lett på oppgjeret med opprykksfavoritten i 4. divisjon.

– Dei som ikkje er med i troppen er heime av medisinske årsaker, seier Mons Ivar Mjelde til Midtsiden.

– Elles så er det enkelte som ikkje starta sist, som startar i dag. Vi har såpass brei og god stall at vi stiller sterkt sjølv om varierer litt.

– Kva inntrykk har du av Os?

– Eg såg dei mot Fyllingsdalen 2, då var dei ikkje spesielt god. Men så ser eg at dei hadde ein braksiger sist. Vi tar ikkje lett på oppgåva, og reknar med å møta eit lag som er inspirert av å møta nokon frå OBOS, og som vil jobba hardt for å ta seg vidare.

– Eg reknar med at Os er eit ganske spelande lag, i tillegg har dei ein del enkeltspelarar med fartstid frå høgare nivå, ikkje minst Mats Cato Moldskred.

Åsane: Eirik Østgaard - Ole Martin Lekven Kolskogen, Nikolai Harris, Aleksander Solli, Magnus Nybakken Bruun-Hansen, Andreas Fantoft, Simen Helland Lassen, Stian Bogetveit Nygard, August Jegerstedt Selnes, Joakim Vatle Hammersland og Håkon Holmefjord Lorentzen.
Innbytarar: Borger E. B. Thomas, Martin S. Ueland, Daniel S. Tørum, Lars A. Hauge, Michael O. Ogungbaro og Dennis A. Antwi.

Hafsås og Hjertnes er friskmeldt

Os har alle spelarar frå 8-2-sigeren over Lyngbø tilgjengelege, i tillegg til Torkel Hjertnes, som var sjuk førre veke, og Christoffer Hafsås, som er tilbake igjen etter skade.

Hafsås skåra 14 mål på 21 kampar for Os i fjor, 4 av dei då Os slo Lysekloster 4-3.

Os sin tropp (start-11 og lagoppstilling er førebels ukjent):
Frode Moberg Øvredal, Anders Fossen Lunde
Vegard Strønen Skeie, Alexander Dale, Divaldo Cardoso, Torkel Hjertnes, Endre Brenne
Marius Mikkelsen, Harry Moore, Aleksander Tøssebro, Steffen Ljosheim, Martin Røttingen Eidsvik
Rafael Villén, Sander Kvittingen, Frode Storebø, Christoffer Hafsås, Øystein Takle Eide og Mats Cato Moldskred.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.