Thrude Scheie Mellingen er tilsett av Tilbords som dagleg leiar i butikken på AMFI Os. (Foto: KVB)

Tilbords opnar igjen

Kjeda steppar inn og overtar eigarskapen. Tidlegare nestsjef, Thrude Scheie Mellingen, blir ny dagleg leiar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Det har vore seks kjekke, men strevsomme år, sa franchisetakar Rosmari Sorthe etter at ho måtte stenga Tilbords-butikken sin på AMFI Os.

Laurdag 20. mai blei siste opningsdag for førre drivar, men i morgon opnar butikken igjen.

– Kjeden har stort sett franchisetakarar, men her går dei inn som eigarar sjølv. Dei ønskjer å vera etablert i senteret og dei har tru på Os i åra som kjem, seier Thrude Scheie Mellingen.

Thrude var nestleiar i butikken i seks år, og har fått jobben som dagleg leiar i butikken som opnar fredag.

– Det var veldig kjekt å koma opp igjen i lokalet for å gjera klart til opning! Mens vi har vore her har vi hatt gleden av å sjå både dei tilsette i nabolokala og fleire kundar igjen, det har nesten vore vanskeleg å halda porten nede, fortel den nye butikksjefen.