Næringsliv | 24. jan. 2018

Tilbords-Thrude med tankar om lokal handel

– Ein liten detalj kan avgjera om netthandelen styrkar lokalt næringsliv eller ikkje.

Tilbords-Thrude med tankar om lokal handel
Thrude Scheie Mellingen handlar på nett, men passar alltid på å henta varene i lokalt, i butikk, i staden for å stå i kø på posten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. jan. 2018 09:32

Ting såg ut til å gå vegen for Tilbords på AMFI Os. Thrude Scheie Mellingen, nestleiar gjennom seks år, blei ny dagleg leiar etter at kjeda kjøpte i juni 2017, fortel om godt driv og positiv utvikling.

– Eg tilsette fire nye då eg blei dagleg leiar. Vi er eit kjempebra team! No såg vi veldig fram til våren, bryllaupssesongen og vårt første heile driftsår, seier Thrude.

At kjeden blei selt før jul var noko som kom brått på. Det gjorde òg den triste beskjeden frå dei nye eigarane, om at dei har valt å legga ned nokre av butikkane, inkludert den på Os.

– Leigekontrakten vår går ut i slutten av februar, kanskje det var medverkande faktor. Eg veit ikkje, men for oss så kjennest det overraskande og litt urettvist.

– Netthandel kan vera positivt for lokale verksemder

Då ehandel.com omtalte eigarane av Kitch’n-kjeden sitt kjøp av Tilbords-kjeden blei netthandel som konkurrent nemt som årsak til at Herkules Capital slapp taket i kjøkkenkjeden.

Thrude har sjølv opplevd det ho meiner er netthandel på sitt beste.

– Ein mann som sat og venta i bilen mens kona var og handla hadde tydelegvis vore på shopping sjølv. Han såg overraska ut då han kom inn i butikken, og sa sjølv at han ikkje trudde det skulle gå så raskt.

Mannen hadde handla på tilbords.no, men i staden for å velja å få varene i posten, noko som truleg ville ført til at han uansett måtte på posten og henta dei - valte han «hent i butikk».

– Dette enkle valet gjorde at vi fekk omsetnaden, ikkje kjedeeigarane sin riksdekkande nettbutikk.

– Varene måtte hentast uansett, spørsmålet var eigentleg berre; vil du stå i kø på postkontoret eller vil du innom butikken i Os og henta varene? Vil du senda pengane ut av bygda eller legga dei igjen hos dei som skaper lokale arbeidsplasser og danner grunnlag for at Os kan ha eit kjøpesenter?

Kjøper jernvarer lokalt - utanom opningstida

Thrude seier ho godt kan forstå at netthandel aukar.

– Av og til er det både praktisk og fint å sitja heime i sofaen og bla i utvalet, bestemma seg for noko og slå til. Eg handlar sjølv ein del hos Jernia på nett, men då vel eg alltid å henta i butikk hos Jernia Paul M Sælen & Co i sentrum.

Det er ho ikkje åleine om.

– Vi har folk kvar veke som hentar varer hos oss som dei har bestilt på nett. Det varierer kor mykje, men måndag morgon ligg det nesten alltid ei god liste her, fortel Paul Hans Sælen.

– I grunnen så er dei berre inne og reserverer, sjølve betalinga er her i butikk. Men på nett kan dei studera varer og tekniske fakta, og der ser dei kvar status på kva varer vi har inne og kva som eventuelt må bestillast.

Paul M Sælen & Co AS har nesten dobla omsetnaden på 9 år, frå 8,8 millionar i 2007 til 15,9 millionar kroner i 2016.

– Eit fortrinn for dei som handlar lokalt er at, om det skulle vera noko feil med vara, eller behov for vedlikehald eller instruksjon, så er det litt kjekkare å be om hjelp i ein butikk der du faktisk er kunde, seier Sælen.

Thrude trur ein annan faktor òg speler inn.

– Dei siste 2-3 åra har eg sett ein trend med redusert impulshandel. Kundane veit kva dei vil ha og dei veit kva dei vil betala. Uavhengig av kvar dei kjøper varene så bruker dei internett til å lesa seg opp. Derfor må vi som jobbar innan detaljhandelen vera endå dyktigare enn før, både med fagkunnskap og med å orientera oss i marknaden.

Liv på Øyro - og på senteret?

Scheie Mellingen har fått tilbod om å halda fram i Tilbords-kjeden, i ein butikk i Bergen. Ho har førebels ikkje bestemt seg.

– Hjartet mitt brenn for handel i heimbygda mi, eg held gjerne fram i bransjen, men helst på senteret eller i sentrum.

Ho er opptatt av at begge stadar er viktige for både dei som jobbar der og alle andre.

– Nokre av oss som jobbar på Amfisenteret har av og til tenkt at kommunen sin innsats for sentrum har vore litt stor i forhold til senteret. Eit livleg sentrum er viktig, men også senteret har sin funksjon utover handel og sysselsetjing. Det er ein lun og livleg og sosial samlingsplass under tak, året rundt, for unge og gamle.

– Kva om senteret kom inn i ein negativ spiral og sto i fare for å bli stengt? Eg trur mange ville ha sakna det.

Ho og andre på senteret har fått høyra fleire gongar at «leigetakarar i eit kjøpesenter har så gode vilkår», at dei har felles marknadsføring og mange også har ein kjede i ryggen.

– Men det kostar både å leiga i eit senter og å fylla eit stort lokale, å ha ope til klokka 20 og å ha fleire i arbeid. Vi driv med små marginar mange av oss på senteret òg.

Brennande opptatt av lokal detaljhandel håper ho at huseigarane i både sentrum og på senteret er nøye og dyktige med å få inn gode leigetakarar.

– Samansetjing er viktig, å kjenna kundane sine og kva dei saknar er òg noko vi bør lytta til. Eg trur dessutan det er verdt å tenkja på ungdomen. Dei er kanskje ikkje den mest kjøpekraftige kundegruppa i dag, men handlevanane dei etablerer no vil få mykje å seia for dei som skal driva i framtida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.