Vibeke Lyssand Leirvåg måtte avbryta ferien i Italia for eit døgn heime i Thailand, så ho kunne motta denne gjeve språkprisen.

Tildelt pris av visestatsministeren

Vibeke Lyssand Leirvåg har i sommar både vunne Swarovski-designkonkurranse og fått ein gjev språkpris i sitt nye heimland.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Vibeke var nesten 20 år då ho i 1989 blei sendt for å jobba på Os-selskapet Fagerthun AS sin fabrikk i Bangkok.

Etter seks timar i taxi i den thailandske hovudstaden, i forsøk på å finna fabrikken, hadde ho mest lyst til å reisa heim.

– Det var så mange inntrykk, så tett med folk, så mykje lyd og så mange rare lukter at eg opplevde det som skummelt.

28 år seinare bur Vibeke Lyssand Leirvåg framleis i Bangkok, med mann og to born, og eig sin eigen smykkefabrikk, Felicia Design, med 150 tilsette.

Fekk to knappe år heime

Reiselyst hadde ho frå før, som elev ved Os Gymnas hadde ho eit utvekslingsår i Maine (USA). Etter gymnaset reiste ho eit år med «Up With People», der 120 studentar frå 21 land besøkte like mange ulike nasjonar, som eit politisk- og religionsnøytralt internasjonaliseringsprosjekt.

Vibeke hadde vore student ved NHH i to månadar då Anders og John Fagerthun spurde om ho ville reisa til Thailand eit år for å jobba ved fabrikken deira.

Ho skulle i utgangspunktet berre vera der eit år. Det blei fire år, det siste som fabrikksjef, og oppgåver innan sal, marknadsføring og design av smykker for urmakeren og gullsmeden frå Os - og for den europeiske marknaden.

I 1994 og ’95 var ho heime i Os, der ho saman med partnare Torbjørn starta og dreiv to butikkar med barneklede, éin i Os sentrum og éin på Amfisenteret (den gong Flåten Senter). Så sakna ho smykkebransjen, fekk med seg nokre investorar, og reiste ned igjen for å starta sin eigen fabrikk i Bangkok.

Måtte avbryta ferie for å motta pris

Felicia Design driv med design og produksjon av smykke, både eigendesign, design for andre og produksjon også for eksterne, større selskap. I ein periode med ein femårskontrakt hadde fabrikken heile 500 tilsette. Kundane kjem frå land som Australia, USA, Tyskland og Skandinavia.

– Vi støyper hos andre, mens vi konsentrerer oss om design, montering, polering og sal.

I fleire samanhengar har Felicia utmerkt seg, sist var no i sommar, då dei var ein av tre som blei brukt som eksempel då den gigantiske trendsetjaren Swarovski (17.000 tilsette i 40 land) ville visa døme på motebildet i 2018. Vibeke og Felicia sin «Iceberg» var ein av tre vinnarar av konkurransen som førte til omtale.

På veg til Noreg på ferie var familien, med venar frå Thailand og familie frå Noreg, i Bassano del Grappa i Italia, der Vibeke sin mann, Paolo, kjem frå. Så måtte Vibeke tilbake til Thailand eit døgn.

– Folk i Thailand er like oss nordmenn på mange oss område. Dei er opne, venlege og dei er stolte over landet sitt, tradisjonane og språket. Dei har ein eigen «språkets dag». Eg visste at eg var nominert til pris, men hadde ikkje rekna med at eg skulle få den.

Statsministeren i Thailand, Prayut Chan-o-cha, som skulle dela ut prisen, var opptatt. Visestatsminister Tanasak Patimapragorn sto for den høgtidelege overrekkinga av ein pris som heng høgt, og som får Vibeke til å føla at ho no må bli endå flinkare i å snakka thai.

Denne prisen har tidlegare gått til forfattarar eller musikarar. I år inkluderte komiteen fire utlendingar blant dei nominerte.

– Eg trur eg fekk prisen for måten eg har brukt språket på, korleis eg har involvert meg i det thailandske samfunnet, ikkje for kor flink eg er i språk. No når eg har fått prisen føler eg at eg må bli endå betre, spesielt skriftleg.

– Har du ete?

– Kva av det som er mest annleis i Thailand, og kva liker du best?

– Det er mykje eg liker med Thailand, frå det varme, fine vêret til det venlege og familiekjære folkeslaget. Her i Noreg snakkar vi mykje om vêret, i Thailand handlar alt om mat. Det første dei spør når du møter noko er: Har du ete? Dei et i eitt sett, er du i middagsbesøk så et du frå du kjem til du går.

– Dei er òg veldig familiekjære, ungane har ansvar for foreldre og søsken livet ut, også økonomisk. Så og seia alle mine tilsette har ungane sine buande hos besteforeldra, og sender store delar av løna si direkte på besteforeldra sin konto.

– Når eg er heime i Noreg så tenkjer eg alltid over kor heldige vi i Noreg er, kor enkelt og trygt alt er her, frå styresett til velferdspolitikk, seier Vibeke, som har opplevd fire militærkupp og sett mykje fattigdom desse 28 åra.

I leiinga i handelsorganisasjon

Osingen Vibeke har ikkje berre lærd seg thailandsk, som er nyttig både som arbeidsgjevar og innbyggar, ho har engasjert seg i veldedig arbeid (som Kids Action for Kids, som vi òg har høyrd om i Os) og innan handel mellom Thailand og andre nasjonar.

Sidan 1997 har ho sete i det norsk-thailandske handelskammer, der ho har vore president i fire år og visepresident i seks. I mai i år blei det nokre steg opp, no er ho visepresident i paraplyorganisasjonen over 33 av dei thailandsk-utanlandske handelskammera; «Joint Foreign Chamber of Commerse».

– Blant oppgåvene våre er å fremja forståing for kva utanlandske firma har av behov, dei som er etablert, og dei som vurderer å etablera seg eller driva handel med selskap i Thailand. Utan at desse selskapa skal styra thailandsk politikk, kan dei koma med nyttige innspel samtidig som vi kan kommunisera thailandske handelsreglar ut på ein tydeleg måte.

«Joint Foreign Chamber of Commerse in Thailand» har kvar månad fleire møte med finansministeren i Thailand, seinast i dag.

Lanserer serie med tvillingdøtrene sitt namn

Etter prismottaking i Thailand kom Vibeke tilbake til familien og heldt fram ferien, som gjekk vidare til Noreg.

– Det er godt å vera heima, eg saknar både naturen og årstidene, og sjølvsagt familie, slekt og venar.

Søndag, etter ei god veke i Os og andre stadar på Vestlandet, gjekk turen tilbake til Bangkok og familien sitt romslege husvære i 25. etasje midt i hovudstaden.

– Du har ikkje vurdert å flagga heim?

– Nei. Alternativ kunne vore Kina eller India for å driva tilsvarande fabrikk, men det freistar ikkje, Thailand er heimlandet vårt no.

Tvillingdøtrene Annamaria og Kari (8) går på thailandsk skule og snakkar engelsk, thai, litt italiensk og norsk.

– I den rekkefølgja, dessverre - eg skulle ønskt at dei var litt betre i norsk, seier mamma Vibeke og ler.

Døtrene har gjeve namn til Felicia sin komande «in-house»-kolleksjon, Karianna, som blir lansert i september. Då blir det tur til internasjonal messe i Hong Kong, og truleg ein tur til Europa våren 2018.

Frå før har Felicia serien Karl M, oppkalla etter Vibeke sin bestefar, rosemålar Karl Midtbø.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Auka folkevekst i Os

21. august 2017

I Bergen kommune vaks innbyggartalet med 28 i 2. kvartal. Os kommune auka med 173.

bilde-midtsiden

Starta hausten med 13-1-siger

21. august 2017

5. og 7. div. er i gang igjen: Os 3 speler toppkamp i 6. div. kveld, i går skåra Aleksander Havsgård 7 mål for Nore Neset 2.