Lokal | 15. mars 2018

Tilrår kjøp av Hordfast-aksjar

E39 Stord - Os • Administrasjonen rår kommunestyret å gå inn som eigar i Hordfast AS.

Tilrår kjøp av Hordfast-aksjar
Administrasjonen rår til at Os kommune kjøper aksjer i Hordfast AS (ill. Statens Vegvesen)
Andris Hamretorsdag 15. mars 2018 10:53

Os kommune, fekk som ei av fleire kommunar, invitasjon til å vera med på ein retta aksjeemisjon, ved ein utvidelse av Hordfast AS sin aksjekapital med offentleg medeigarskap tidlegare denne månaden.

I ei sak til formannskapet neste veke går administrasjonen inn for at Os kommune går inn på eigarsida i Hordfast AS med følgande føresetnader.

1. Det blir gjennomført som ein retta emisjon mot kommunar og fylkeskommunar på inn til totalt 75 aksjar.
2. Kvar ny aksjonær får tilbod om 5 aksjar
3. Aksjene sine pålydande verdi er sett til kr 1.000,- pr aksje til ein teikningskurs på kr 20.000,-
4. Innskoten kapital utover pålydande verdi blir sett av til overkurs i selskapet sin balanse.
5. Direkte berørte kommunar/fylkeskommune får tilbod om styreplass, dei øvrige blir vararepresentantar eller observatørar til styret.

Viktig at Os held trykket oppe

Administrasjonen peiker på at planarbeidet med ferjefri E39 går for fullt.

– Forslaga som no blir diskutert viser ilandføring av bru i Øyane og lang tunnel frå Øyane og til Ulvenvatnet. Den store motstanden mot dagløysing har gitt resultat og denne løysinga er no lagt vekk.

– Etter kvart vil arbeidet med Hordfast-sambandet bli meir detaljert og lokale konsekvensar tydelegare. Det er viktig at Os kommune held oppe trykket og prioriterer tid og ressursar for å få best moglege løysingar på plass for våre innbyggjarar, konkluderer administrasjonen i framlegget.

Bør få styreplass

Hordfast AS blei etablert av NHO i 2010. I 2017 blei det tatt grep for å utvikle selskapet vidare, mellom anna med å henta inn driftskapital, nytt styre og dagleg leiing.

– Det er fleire grunnar til at det er ønskeleg at kommunane blir medeigarar i Hordfast AS. Det gir mellom anna selskapet ein betydeleg større politisk legitimitet overfor relevante politiske aktørar, slik som vegmynde, fylkeskommunar, Regjeringa og Stortinget. I tillegg vil eit eigarskap gi direkte innflytelse i selskapet.

– Eigarskapet gir rett til stemmerett og innflytelse på selskapets generalforsamling. Direkte gjeldande kommunar som Os, Tysnes, Fitjar, Stord og eventuelt Hordaland Fylkeskommune, bør også få tilbod om fast styreplass, heiter det i saksutgreiinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.