Lokal | 25. aug. 2011

Tilrettelegging av ungdomsbustadar

LESARINNLEGG, John Garvik (Frp): Os Frp ønskjer at det skal verta lettare for unge å koma seg inn på bustadmarknaden.

Tilrettelegging av ungdomsbustadar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. aug. 2011 07:09

>> Midtsiden samleside; les alle lesarinnlegga her

Me i Frp vil stimulere/ tilretteleggja for bygging av bustadar som er innanfor eit prisnivå som gjev unge og fyrstegongetablerarar moglegheit til å entra bustadmarknaden.

Dette kan gjennomførast i regi av Os Bygg og Eigedoms AS, men også av private utbyggjarar. På Kuventræ ligg det klart eit prosjekt med 65 ungdomsbustadar som Bygg Consept har utvikla i samarbeid med Husbanken.

Diverre har Statens Landbruksforvaltning hittil gått imot utbygginga, men me i Frp gir oss ikkje.

Etterspurnaden for mindre bustadar er stor i Os. Tilbodet må aukast innanfor denne bustadtypen for å dekkja aukande behov.

Fleire «billige» bustadar vil både hjelpa og gleda ungdomar frå Os, men også fyrstegongsetablerarar som ønskjer å flytta til Osbygda.

Os Frp ønskjer å visa JA-haldning.

Me er politikarar FOR innbyggjarane i Os.
Me ønskjer å jobba FOR innbyggjarane i Os.

Stem Fremskrittspartiet lokalt!

Godt Val!
OS FRP
Jonn Garvik

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.