Lokal | 11. jan. 2018

– Tilstanden er verre enn før

Borgafjell Barnehage: Foreldre trekk seg frå verv, tilsette fortel om ingen endra kurs i leiarstilen.

– Tilstanden er verre enn før
Borgafjell Barnehage. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. jan. 2018 13:00

Tysdag fortalde Borgafjell Barnehage korleis dei jobbar med å «lukka avvika» etter at førebels rapport frå tilsyn gjennomført av Os kommune avdekka fleire lovbrot i barnehagen.

Samtidig har Midtsiden snakka med fleire tilsette og foreldre som fortel om store samarbeidsproblem med leiinga. No skal alle dei tre foreldrerepresentantane i samarbeidsutvalet, og minst halvparten, om ikkje alle, i FAU, ha trekt seg.

– Stemmer det at alle foreldrerepresentantane i SU og meir enn halvparten av medlemmane i FAU har trekt seg? I så fall, kvifor? Kva utfordringar skaper dette for barnehagen med tanke på svar på førebels rapport etter tilsynet?

– Borgafjell Barnehage ønskjer ikkje å eskalera situasjonen med å dela informasjon som er eigna til det, seier advokat Nina G. Sandnes på vegne av barnehagen.

– Vi vil innkalla til foreldremøte blant anna for å sikra val av dei representantar som regelverket krev at ein har. Avhaldne møter i SU fram til årsskiftet vil sjølvsagt bli dokumentert for kommunen. BB vil innkalla til nytt SU-møte straks det er behov for det og ein har nye medlemmar.

Avtroppa SU-leiar vil ikkje uttala seg

Leiar i FAU, Anders Fløysand, som òg er blant dei tre foreldra i SU, stadfestar at han har trekt seg frå alle verv. Men han vil ikkje kommentera årsak.

– Leiinga i barnehagen har hatt eit tydeleg fokus på dette med teieplikt og jus, og dei har hatt advokat med seg i SU-møte.

– Etter at eg trakk meg frå verva har dei kome med så alvorlege og absurde skuldingar at eg har kontakta eigen advokat. Inntil vidare uttaler eg meg minst mogleg, seier Fløysand.

• Er du tilsett ved, eller har born i barnehagen, og meiner våre kjelder teiknar eit feil bilde av situasjonen? Eller har du supplerande informasjon? Kontakt redaksjonen på kjetil@midtsiden.no

– Vi prøver vårt beste for borna, men leiinga øydelegger sitt eige firma

Midtsiden har snakka med fleire av dei tilsette. Dei seier at dei, på vegne av ungane og arbeidsplassen dei fram til hausten 2017 var så glad i, er svært lei seg for situasjonen.

– Det er rett og slett ikkje klima for gode diskusjonar. Folk er framleis redde, og denne kjensla er styrka, spesielt etter at medeigar Annelie Osterdahl har kome inn og blitt del av styringa. Ho har eit spesielt temperament og seier sjølv at ho liker å kriga.

Dei konkrete eksempla Midtsiden har blitt fortalt er mange og detaljerte. Nokre av dei ønskjer kjeldene våre ikkje å ha publisert, i fare for at dei sjølv eller kollegaene blir identifisert. Leiinga skal framleis vera veldig opptatt av å finna ut kven det er av dei tilsette som snakkar med foreldra, kven det er som snakkar med kvarandre (!) og kven det er som går til media med påstandar.

– Då det blei reagert på at ein vikar, som torsdag i førre veke var heime med spysjuke, fredag dukka opp på jobb, var det nokre tilsette som reagerte på smittefare. Nokre av dei tilsette som reagerte på dette blei regelrett skjelt ut. Med den historikken vi har hatt i haust, der fleire på overraskande vis blei kalt inn til samtale og fekk åtvaring om at jobben deira sto i fare, fryktar folk både å seia ifrå og å snakka med foreldre.

– Om det er nokon som vidarebringer eit ubehageleg spørsmål eller noko kritikk så er det aldri snakk om å ta det til seg, det er berre ivrige spørsmål om «kven sa det?».

Fleire sjukmeldte kom tilbake i jobb

Dei tilsette har berre hatt eitt fellesmøte etter at kommunen var på tilsyn. Dette var onsdag 13. desember.

– Det var ikkje noko god stemning. Dei få som sa noko ba om at det først og fremst måtte bli slutt på å vri på ting, på utsegner vi opplever som usanne.

– Kva er det som blir sagt, som ikkje er sant?

– Det gjeld både til oss tilsette og foreldre. Har du eit spørsmål som er ubehageleg, for eksempel om bemanning, så får du anten tåkeprat, noko klipp og lim frå ein paragraf eller utsegner som i beste fall er kraftig pynta på. Folk blir feilsiterte, utsagn blir vridd på og det blir lovd møte som kort tid etterpå blir avlyst eller «utsett». Vi tilsette våger framleis ikkje å koma inn på kontoret utan følgje, i frykt for å bli konfrontert med noko som du ikkje kjenner igjen, anten at det er vridd på eller at det er noko som nokon andre har uttalt. Vi treng vitne med oss.

Trass i at fleire tilsette framleis fortel om frykt og mistrivsel var det fleire sjukmeldte som kom tilbake før jul og rett over nyttår.

– Som det blei nemnt i intervju i november så var det få av dei mange som var vekke som var fysisk sjuke. Mange av desse kom tilbake no, vi fryktar at dei ikkje blir verande lenge.

– Vi gjer verkeleg vårt beste, og det er vondt å sjå frustrasjonen hos foreldra. Fleire av dei tilsette har byrja å sjå seg om etter nye jobbar, dei føler seg makteslause.

– Grunnlause og usaklege skildringar!

Vi har sendt følgjande spørsmål til barnehageleiinga:

– Dei tilsette Midtsiden har snakka med seier at fleire som har vore sjukmeldte no er tilbake, at dei vil gje leiinga ein sjanse, men at dei fryktar at det ikkje varer lenge, fordi forholdet mellom leiinga og tilsette er forverra sidan sist. Dei fortel at bruk av hersketeknikk, enkelte tilfelle av utskjelling av tilsette og fortsatt forsøk på «heksejakt» etter kven som har snakka med pressen, har forsterka fryktkulturen som var der frå før.

– Er dette påstandar som leiinga kjenner seg igjen i?

Barnehagen svarer dette:

– BB har eit ansvar som arbeidsgjevar, og har derigjennom både rett og plikt til å ta tak i forhold som er uakseptable, utan at ein verken kan eller vil dela kva som ligg i dette. Dette blir gjort i samsvar med gjeldande regelverk.

– BB tar sterk avstand frå dei skildringar som er gitt, dei er både grunnslause og usaklege.

Dei tilsette meiner det hadde vore enkelt for leiinga å få barnehagen på rett kjøl igjen.

– Men om dei står fast ved denne offensive og lite sjølvkritiske leiarstilen forstår vi ikkje kor dette skal enda.

Reagerte på romjulsstenging

Andre juledag blei Midtsiden kontakta av fleire foreldre etter at dei brått fekk melding om at barnehagen kom til å vera stengt dei tre dagane i romjula.

– Vi fekk melding via Vigilo vesle julaftan. Dei seier det har vore øydeleggingar utandørs etter nedbørsmengdene. Vi er fleire som har vore og sett på området, og vi ser at det har vore mykje vatn der, men kan ikkje sjå kvifor ungane ikkje kan vera der, skriv ei mor.

Styrar stadfesta i meldinga at det ikkje var skadar innandørs.

Ein far som ringte Midtsiden legg til at barnehagen fleire gongar i haust har halde ungane innandørs heile dagen grunna bemanningssituasjonen. Kvifor ikkje også i romjula, om det absolutt er naudsynt.

– Vi som hadde planlagt å ha ungane i barnehagen éin eller fleire dagar får plutseleg litt av ein kabal midt i jula.

Begge seier dei ikkje fekk svar på epost til styrar med spørsmål om denne avgjerda.

Barnehagen sin advokat svarer dette:

– Det blei ikkje sett på som forsvarleg å opna barnehagen den 27. desember, utelukkande grunna forhold som hadde med ekstremvêret som inntraff rett før jul å gjera. Det ville vore direkte uforsvarleg om ein hadde fatta ei anna avgjerd.

– Foreldra er grundig informert om dette, og avgjerda blei tatt gjennom råd frå teknisk kyndige utan tilknyting til barnehagen.

Det var varsla at barnehagen skulle ha stengt alle dei tre dagane for å rydda utestaden.

Ein av dei tilsette fortel at dei berre var nokre timar på plassen og kosta denne onsdagen, men så blei det bestemt å likevel halda barnehagen open torsdag og fredag før nyttår.

Midtsiden har òg snakka med to foreldre som har fått varsel om at barnehagen vurderer å seia opp plassen til ungen/ungane deira. Vi kjem tilbake med meir om dette i intervju med to fortvilte mødre.

• Er du tilsett ved, eller har born i barnehagen, og meiner våre kjelder teiknar eit feil bilde av situasjonen? Eller har du supplerande informasjon? Kontakt redaksjonen på kjetil@midtsiden.no



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.