
Tim hentar gamle heltar
Fire tidlegare Os-spelarar, tre av dei aktive for Søre Neset i år, var på møte med Tim Henrik Sperrevik og Os onsdag kveld.
Torbjørn Hjelle, Ørjan Håland og keeper Anders Kloven frå Søre Neset er same årgang som eldstemann og kaptein på Os, Stian Lunde (29). Roar Hjelle er to år eldre.
Alle dei fire var sentrale spelarar på Os då dei i 2006, med Øyvind Nordtveit som trenar, rykte opp til 2. divisjon.
– Vaksne spelarar skaper miljø
Tim Henrik Sperrevik, som nyleg har overtatt som trenar for A-laget til Os, har vore lagkamerat med dei fire i mange år.
– I årets sesong har eg som gutelagstrenar og seinare som juniortrenar fått oppleva kor tøft det kan vera for unge talent å måtta ta ansvar i seniorfotball. Grunna tynn stall har presset på dei yngste blitt stort, noko som både har gått ut over dei sjølv og dei yngre laga, seier Tim.
Han er tydeleg på at det å spela for A-laget skal vera noko dei unge skal ha å strekka seg etter, ikkje noko dei gjer fordi A-laget sårt treng hjelp til å fylla opp ein tropp.
– No vil eg ha inn fleire vaksne. Ikkje berre for å få ei stamme av gode spelarar med rutine, men for at dei skal vera med å skapa eit godt miljø på trening, på tur, i garderoben og i kamp. Til begge delar er denne gjengen super, vi treng spelarar med rutine og vi treng humor, temperament, erfaring og nokre røvarhistoriar for å halda dampen oppe i gruppa.
– Håper eg kan bidra
Ørjan Håland la opp som spelar for nokre år sidan, men har det siste året spelt for Søre Neset, som var nær på å rykka opp til 4. divisjon både i fjor og i år.
– Eg er førebudd på å jobba hardt for å koma i skikkeleg form igjen og håper eg har noko å bidra med, seier Håland, som jobbar for SK Brann med film og foto.
Håland er også spent på det å trena med dei unge talenta i Os.
–I det siste har eg fått sjå mange av talenta til Brann i aksjon. No ser eg fram til å vera på banen med ungdomane i Os og sjå kva dei er gode for.
Viktig keeper-påfyll
Os starta 2011 med god keepertropp. Kjetil Hansen og Anders Solberg Strønen hadde unge Frode Moberg Øvredal (16) i bakhand. I tillegg var Hallvard Enes, som har vore førstekeeper fleire av dei siste åra, tilgjengeleg ved behov.
Men etter sommaren flytta Hansen nordover for å gå på politiskule og Strønen sørover for å gå på ein annan skule. I haust har også Enes flytta frå Os.
Øvredal har gjort det godt i Os-buret, men får no selskap av Anders Kloven.
Kloven flytta til Skottland for å gå på skule etter 2006-sesongen, men trente medan han tok utdanninga si og spelte for Os då han var heime på ferie. Så budde han i Oslo eit lite år og i Brasil eit lite år, og jobba for Det Norske Veritas, utan å spela fotball.
Men den siste tida har han vore aktiv som Søre Neset-keeper og no jobbar han for Rolls Royce i Os.
Også Tubbs tilbake på Os?
Torbjørn Hjelle la opp etter opprykket i 2006, men hadde ein halv sesong på Os 2 eit par år seinare. Dei siste åra har han spelt for Søre Neset.
Torbjørn har ein god dødballfot og har skåra mykje for Neset i år. Også han kan bli aktuell for Os i 2012.
– Det er litt tidleg å seia, men eg kjem til å trena med Os framover og så får vi sjå kva form eg kjem i og om Tim kan få bruk for meg.
Kneet overlevde MidtsidenCup
Roar har vore vekke frå fotballen sidan ein kneskade han fekk i ein heimekamp mot Manglerud Star i 2. divisjon i 2007.
I helga var han på banen igjen då han spelte han for vinnarlaget i MidtsidenCup, T. Ullrich (saman med blant anna Håland), og han seier kneet klarte oppgåva i gatecupen bra.
– Men eg må sjølvsagt jobba hardt for å prøva å koma med i skikkeleg form igjen, seier Roar.
Roar var blant dei med mest speletid på Os i opprykkssesongen 2006. Han var også med på nesten å slå Vålerenga ut av cupen i 2004, framfor eit Kuventræ med nærmare 3000 tilskodarar.
Tim gav Os leiinga 1-0 etter bokstavleg tala å dribla Kjetil Rekdal på ræv. Enga utlikna og tok leiinga, men Hjelle gav Os 2-2 før pause. Kampen enda ikkje som ei cupbombe, Vålerenga vann 2-3.
Opprykk neste år?
Etter nedrykket i 2010 og ein svak sportsleg sesong i 2011 ser det ut som om Sperrevik vil gje Os eit løft. Men på spørsmål om opprykk er eit uttalt mål i 2012 kjem han ikkje med eit rungande ja.
– Vi skal i alle fall ikkje rykka ned, seier han med eit lurt smil, før han legg til:
– Vi har ambisjonar og vi skal jobba hardt for å vera heilt i toppen i avdelinga. Men eg startar ikkje vinteren med å legga eit stort mål og eit tungt ansvar på spelarane.
Terje Hjertnes supplerte:
– Os, men den storleiken det er på bygda, med historikken til klubben og med det gode talentarbeidet som blir gjort, høyrer naturleg heime i 2. divisjon. Om opprykket kjem i 2012 eller 2013 vil tida visa, men vi er samde om kvar vi er på veg.
Vil styrka i alle ledd
Sportsleg leiar i Os Turn, Roald Stigen, seier klubben jaktar på éin mann per ledd for å styrka troppen.
– Vi har nokre spelarar på gang. I tillegg har vi bestemt oss for å melda på eit andrelag også neste år, så vi tar imot spelarar i tida framover.
Søndag kveld hadde Tim si første trening med A-laget, innandørs i Oshallen.
– No held vi fram med innetrening søndagane og speler liga ute tysdag og torsdag. Etter jul og nærmare månadsskiftet januar-februar tar vi ut stallen.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no