– Ting kan skje fort
Eigaren av lageret Lidl Norge bygde i Ådnadalen i 2006, NHP, førebur seg på å ta grep for å fylla gigantbygget.
Bildeserie:
NHP Eiendom AS (Nordiske Handelsparker), der Rema-eigar Reitan Eiendom AS er medeigar, sit på noregs største ledige lager.
Over 38.000 kvadratmeter med lager og administrasjon – 112 kjøreportar i eit «nesten» ferdig lagerbygg på ei 100 mål stor tomt.
Lageret ligg i det nye næringsarealet Ådnadalen ved fv 160 Ulvenvegen, berre 3,1 km frå E39 og Svegatjørn, der det i år er byggestart på ny firefelts motorveg mellom Os og Bergen.
Eigdomsbransjen i Os opplever oppsving etter stortingsvedtaket i november.
Korleis er det med NHP? Merkar dei auka interesse etter at vegen blei vedtatt? Har dei plan om å innta ei meir offensiv rolle for å fylla lageret med aktivitet og arbeidsplassar?
– Det kan gå fort. Derfor ventar vi
Utviklingsdirektør i NHP, John Mjøen, seier marknaden for næringseigedom er ganske ulik bustadbransjen.
– Dei fleste firma har fokus nesten berre på drift. Heilt til dei brått får behov for større plass, og då hastar det.
– Det kan vera vekst eller ein fusjon, og slike ting skjer ofte fort, og då treng dei større plass rimeleg fort. Derfor er det førebels litt tidleg for oss å håpa på noko effekt av vedtaket.
Ventar på første salve
Det var eit stort reknestykke som blei utført då Rema 1000 valte å bygga nytt lager på Hylkje framfor å innreia eige råbygg i Ådnadalen.
– Det hadde i hovudsak med infrastruktur å gjera. Vi måtte hatt halv husleige på Os for at det skulle løna seg å bruka Ådnadalen som lager. Bygget er eit råbygg og det vil nok kosta oss 20-30 millionar kroner berre å få det tett nok til at vi kunne kjørt varme på i huset.
Mjøen trur ikkje marknaden er klar for å tenkja Ådnadalen før bygginga av ny E39 mellom Svegatjørn og Rådal er i gang.
– Det nyttar verken å forskottera stortingsvedtak eller, no når dette er fatta, forklara om planlagt startdato, til våre potensielle kjøparar eller leigetakarar.
– Folk har sett store vegprosjekt bli skrinlagte før. Men når dei har byrja å driva tunnellane til Bergen, då bør vi byrja å førebu oss på å visa lageret vårt i marknaden igjen.
Fryktar ikkje konkurranse frå kommunen
Når nyevegen til Bergen står klar, etter planen i 2022, kan Os kommune byrja med å utvikla næringsarealet sitt i Endelausemarka, 500 mål store Lyseparken.
NHP fryktar ikkje at Lyseparken, som kjem til å ligga noko nærmare Bergen, vil bli ein tøff konkurrent i jakta på store leigetakarar.
– For det første så har vi kome lengre med eigedomen, for det andre skal vi klara å slå dei fleste på pris.
Held seg godt
Det har gått ni år sidan lageret blei bygd. Sidan har det stått som eit lukka, men ikkje heilt tett råbygg.
– Det beste ville vore om vi kunne hatt varme på, men bygget held seg veldig godt. Det er stålet i bygget vi har vore litt uroa for, men det ser ut til å klara seg fint, seier John Mjøen.
Vinteren 2010, som var svært snørik, fekk rundt 240 kvadratmeter av taket til å kollapsa. Men dette blei reparert same vår.
Om lageret, Lidl og Rema
23. september 2004: Den tyske matvaregiganten Lidl opna sine 10 første butikkar i Noreg, ein av dei ved Kuven stasjon i Os.
11. april 2005: På ei pressekonferanse i Os Rådhus fortalte ordførar Terje Søviknes at Lidl Norge kjøper 90.000 kvadratmeter, halve næringsarealet i Ådnadalen, for å bygga sitt andre norske sentrallager. Planane var 120 lasterampar i eit over 36.000 kvadratmeter stort lager, og det låg til rette for 200 nye abeidsplassar i Os.
Januar 2007: Lidl Norge orienterer Os kommune om byggestopp i Ådnadalen. Årsaka var at dei berre hadde fått etablert 50 butikkar i Noreg, mot planlagte 70 så langt.
30. mai 2008: Konkurransetilsynet godkjente at Rema 1000 kjøper Lidl Norge. Lidl-butikken i Os blei til Rema 1000 Kuven stasjon
September 2008: Rema 1000 region vest valte Hylkje i Åsane framfor Ådnadalen som val av lokalisasjon for nytt lager for sine butikkar.
Hovudbygg: 37.304 kvm (større enn 5 fotballbanar)
Kontor/administastrasjonfløy: 1.037 kvm over to etasjar
Kjøreportar: 112
Fri takhøgd: 10,2 til 14 meter
Tomt: Cirka 100 mål
Om NHP Eiendom AS
• NHP Eiendom AS har som målsetjing å utvikla, bygga og leiga ut handelsparkar og logistikkanlegg i Noreg.
• NHP blei etablert i 2006 av Reitan Eiendom AS, Ursus Eiendom AS, Persson Norge AS, Heglund Holding AS og Bai AS.
• Gjennom ein emisjon i 2011 fikk selskapet nye eigarar med H-park og Stiftelsen Fritt Ord
(Kjelde: nhp.no)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.