Lokal | 19. juli 2014

Tissa oppetter ei dør

Mistanke om svart arbeid og mann som urinerte i sentrum var blant det politiet følgte opp på fredag.

Tissa oppetter ei dør
Politiet tok i natt ein mann som urinerte i Hamnevegen, nokre meter frå lensmannskontoret. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. juli 2014 07:36

Fredag fekk politiet melding om tung marknadsdføring av noko som truleg er svart arbeid.

– Nokre utanlanske menn har hengt opp lappar på postkassestativ over store delar av Os der dei fortel at dei tilbyr handverkartenester, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.

– Vi var i kontakt med dei og har fått namnet på begge to. Dei fortalte at dei reiste rundt i verda og jobba, vi informerte om reglar for firma som tar betalt jobb i Noreg.

Rastad oppmodar folk om å sjekka firma, be om skriftleg pris og om å betala rekninga i banken ved bestilling av tenester frå firma der dei er usikre på om driv lovleg.

Kampen mot svart arbeid har høg priooritet hos politiet og Skatteetaten. Hugs at du sjølv kan bli ansvarleg for selskapet sine ubetalte avgifter og du kjøper tenester hos firma som ikkje betaler skatt og arbeidsgjevaravgift.

Les òg: Stoppa steinleggarar

Tatt for urinering i sentrum

I 02.30-tida natt til laurdag blei ein mann på rundt 30 år tatt for urinering på offentleg stad.

– Han urinerte oppetter ei dør i Hamnevegen og erkjente forholdet.

– Men han skal ha sagt at han ikkje ville akseptera ei bot, då ville han heller møta i retten, fortel Rastad.

– Truleg kjem han på betre tankar når han er edru, legg han til.

Vedkomande får truleg ei bot på 5000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.