Lokal | 22. juni 2016

Tissetrengt sjåfør tatt i hasjrus

Først urinerte han oppetter ein vegg på ein uteplass, så blei han stoppa då han køyrde bil.

Tissetrengt sjåfør tatt i hasjrus
Sikta blei stoppa då han køyrde bil i Torggata i Os sentrum, etter først å bli tatt for urinering på offentleg stad. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. juni 2016 07:04

Ein mann i slutten av 20-åra er dømt for både ruspåverka køyring og for urinering på offentleg stad.

Han blei tatt av politiet då han urinerte oppetter ein vegg ved ein uteplass natt til ein laurdag i mars 2015.

Dette skjedde klokka 03.14. Eit kvarter seinare stoppa politiet ein bil i Os sentrum, der det viste seg at vedkomande var sjåfør. Politiet mistenkte naturlegvis mannen for å køyra i rusa tilstand og tok vedkomande med for blodprøvetaking.

Det viste seg at han både hadde 1,78 i promille og var påverka av hasj i ei mengd som tilsvarar over 0,5 i promille.

Fekk redusert straff

Sikta, som er frå Aust-Europa og utan fast arbeid, fekk redusert straff då han både samtykka i avgjerd ved tilståelsesdom og då det har gått 15 månadar før saka hans kom opp.

Påtalemakta ba om 35.000 i bot og 24 dagar fengsel, men straffa blei 17.000 i bot og 16 dagar i fengsel.

I tillegg må han klara seg i to år utan førarkort frå mars i fjor, før han må avlegga full ny førarprøve.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.