Kultur | 25. juni 2017

Tivoli på veg til Os

– Vi har aldri hatt så stort tivoli med til Os før, seier Roy Andersen frå Scandinavian Tivolipark.

Tivoli på veg til Os
Dei tre nye karusellane som kjem til Os denne veka. (Foto: Scandinavian Tivolipark)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. juni 2017 19:00

Scandinavian Tivolipark, som dei siste åra har besøkt Os same helg som marknadsdagane, blei i år éi veke seinare.

– Vi har vore på Sveio og i Odda, og har køyrd nokre av karusellane direkte til Os mens vi denne helga har vore på Sotra, fortel Roy Andersen.

– Tivoliet vårt er rusta opp, med nye trailerar og fleire nye karusellar, men det var ikkje alt vi fekk plass til på Sotra. Til Os kjem vi med full pakke.

• Sjå bildeserie frå tivoliet i Os i fjor

Blant det nye er to karusellar, blant anna ein twist, ein barnekarusell og ei stor sklie.

– Vi har satsa litt på dei yngste, men må ha noko for ungdomen òg.

Fire dagar i Os

Tivoliet opnar førstkomande torsdag og blir i Os til søndag.

– Det har blitt litt lettare å driva no, etter at nye reglar har gjort det noko vanskelegare for svenske tivoli å koma inn her og ta toppane i nabolandet.

– I løpet av dei siste ti åra er talet på tivoli i Noreg redusert frå rundt 20 til 3. I år har det vore stor pågang frå byar og tettstadar som ønskjer tivoli, men vi rekk ikkje besøka alle. I Os har vi alltid hatt det bra, så Os blir ståande på turnéplanen.

Det er meldt opphaldsvêr og 15 - 20 gradar i Os torsdag til søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.