Dette tjukke, lange tauet låg og flaut utanfor Ytterøy torsdag formiddag. (Privat mobilfoto)

Tjukt tau flaut i fjorden

Det sit fast i botnen, men brannvesenet fekk stramma tauet til land.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Fredag, januar 13, 2012 - 08:46

Torsdag i 10.30-tida fekk Os brannvesen melding om at det låg eit langt og tjukt tau og flaut sjøen utanfor Ytterøya.

– Vi rykte ut med båt og fekk tatt delar av tauet til land, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Meldt til politiet

Tauet var tjukt og langt og såg ut til å ha vore i sjøen ei god stund.

– Dette kunne vore farleg for båttrafikken. Saka er meldt til politiet, seier Monsen.

Varsa hamnevesenet

Sidan dei ikkje fekk opp heile tauet, då det var festa i noko i sjøen, tok brannvesenet og stramma det oppunder land og festa det i eit tre.

– Vi har varsla hamnevesenet så dei kan koma og fjerna det heilt. I mellomtida bør båtfolk vera varsame rundt Ytterøya i nærleiken av der tauet ligg.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11