Lokal | 02. aug. 2017

Tjuveri av båt i Øyane

To vaksne menn i Os er tatt med narkotika, i Øyane er ein gummibåt stolen.

Tjuveri av båt i Øyane
Politiet i Øyane. (Akivfoto/ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. aug. 2017 07:15

Tysdag fekk politiet melding om tjuveri av ein båt frå Øyane.

– Båten er ei gummijolle av merket Quicksilver. Den sto på land nær butikken på Bruarøy, men var vekke då eigar i går skulle bruka den, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Sist båten var sett er ei veke sidan. Politiet ber om tips frå publikum.

To menn tatt med hasj

Politiet aksjonerte i går på ei adresse litt utanfor Os sentrum.

– To menn i 30-åra blei begge mistenkt for besittelse av hasj, den eine av dei òg for bruk.

Saka blei løyst med forelegg som begge erkjente.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.