Eit av bryggeanlegga i Lønnevågen i Forstrønesundet. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tjuveri av minst éin motor i Strøno

Politiet rykte søndag ut til eit bryggeanlegg på Nordstrøno.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søndag formiddag rykte politiet ut på melding om tjuveri av påhengsmotor.

– Meldar fortel at han saknar ein 9,9 hk yamaha, fortel Tatjana Knappen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Motoren er stolen frå ein båt som ligg i eit bryggeanlegg i Lønnevågen på Nordstrøno.

– Han antar at fleire motorar kan vera tatt frå båtar i same marina.

Politiet kom fram til staden rundt klokka 11. Har du tips kan du ringa 02800.

Sendte ambulanse til rusa ungdom 

Laurdag klokka 21 hadde politiet dokument- og promillekontroll i Lepsøyvegen, klokka 22.30 hadde dei kontroll på Byvegen ved Amfisenteret.

Alt var ok med bil og bilistar som blei kontrollerte.

Søndag morgon litt før klokka 9 fekk dei melding om ein rusa person i eit busskur nær Os sentrum.

– Vi sendte ein ambulanse til staden, så ungdomen blir kontrollert og eventuelt får hjelp, seier Knappen.