Lokal | 10. sep. 2017

Tjuveri, hærverk og slåsting

Utlendingar med frekt tjuveri av «verdisøppel» på Best, mann slått med eit skilt på Moberg.

Tjuveri, hærverk og slåsting
Politiet, her i samband med eit anna forhold, rykte ut til Best-stasjonen laurdag. (Arkivbilde: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. sep. 2017 06:08

Klokka 11.45 laurdag fekk politiet melding om tjuveri av «verdi-søppel» frå Best-stasjonen i Os sentrum.

– Mistenkte hadde lånt nøkkel til eit skap for å låsa inn eit brukt bilbatteri, men i staden forsynte dei seg med batteri frå skapet, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.

Politiet søkte etter ein varebil med tre menn, utanlandske og truleg over 30 år. Etter å ha patruljert mellom Søfteland og Halhjem utan funn blei søket avslutta, og dei vil sjå om overvakingsbilde kan gje nyttig informasjon om dei tre.

Slått med eit skilt

I 22-tida fekk politiet melding om at nokon slo og sparka i butikken Kiwi Moberg sitt skilt.

– Vedkomande skal ha vore svært full då patruljen kom fram. Det hadde vore trøbbel på staden, nokon hadde blitt slått med eit skilt, men det var uvisst kvar mistenkte var.

Han som slo med skiltet skal òg ha hatt ein våpenliknane (ikkje skytevåpen) gjenstand.

– Det er noko uoversikteleg kva som har skjedd og kva saka enda med, men dei som var full blei tatt hand om av edrue kameratar og dimittert på staden.

Slåsting på ungdomsfest i Hegglandsdalen

Rundt midnatt var politiet utanfor ungdomshuset i Hegglandsdalen.

– Det var ein privat ungdomsfest på staden, og mykje full ungdom. Det gjekk rykte om at ein av dei hadde skytevåpen og patruljen væpna seg, men vedkomande blei kontrollert og det var ingen indikasjon på at vedkomande hadde hatt våpen.

– Men det hadde vore amper stemning og noko slåsting i samband med festen, som då blei runda av.

Edru på Bogstrand

Laurdag formiddag hadde politiet promillekontroll Bogstrand.

På éin time blei 25 bilistar kontrollerte, alle var edrue og hadde papira i orden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.