Tobias Bødtker (t.v.), her saman med lagkamerat Markus Lund Haddal, skåra 20 mål i Sogndal i helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tobias skåra 13 mål i éin kamp!

Os G14 vann finalen i A-sluttspelet i Lerum Cup. To andre lag frå Os fekk 3. plass.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os G14 vann i dag finalen i Lerum Cup i Sogndal 3-2 over Sykkylven.

Tobias Bødker, som skåra to mål i ein spennande semifinale, skåra 20 mål i turneringa, 13 av dei i éin og same kamp.

– Tobias er teknisk god, flink å stå med ball og har eit fantastisk tilslag med venstrefot, skryter trenar Dagfinn Norvik.

Det var ein av dei innleiande rundane at Tobias, som innbytar (!), kom på banen og gav målforskjellen eit kraftig løft.

Kampen enda 17-1, dei andre to innleiande rundane var òg målrike, med 10-1 og 8-2 til Os (35 mål på 3 kampar).

Gull og bronse med same årgang

2003-årgangen, som i vårserien spelte i 1. og 3. divisjon 11-arfotball, stilte med 7-ar og 9-arlag i Sogndal. Mens 7-arlaget vann A-sluttspelet tok 9-arlaget ein flott 3. plass i den store 9-arklassen.

– Vi stilte med to like gode lag og gutane på begge lag var i storslag! Vi har litt få spelarar, og hadde med oss nevøen min og to kameratar frå min eigen moderklubb i Ålesund, Ellingøy il, det var til hjelp!

– Eitt år yngre Simen Mjånes, som kom til Os frå Eikelandsfjorden i vinter, blei matchvinnar i finalen, fortel Norvik.

Både semifinalen og finalen leia Os 2-0. Semifinalen endra seg til 2-1 før Bødtker kom inn og skåra to, i finalen sto det 2-2 (men 10-2 i cornarar) før Mjånes avgjorde.

Os G14 skal òg delta i Norway Cup i år, men då med eitt lag.

Bronse til J13

Kjetil Lyssand Lindbom, som både har tatt 2. plass og to 3. plassar i Sogndal med 98-årgangen var denne helga tilbake med jenter fødd i 2004.

I sitt første år med sluttspel var Os J13 nær på å gå heilt til topps.

– Vi hadde ein god, men tynn stall med oss, i bronsefinalen hadde vi berre 10 friske spelarar, fortel Kjetil.

I semifinalen møtte dei Ørsta, som dei slo i innleiande rundar. Kampen enda 3-4 etter nokre mål som Lindbom synest motstandarane fekk for enkelt.

– Vi var skuffa etter denne kampen, men det var kjekt å avslutta den fine cupen med siger i bronsefinalen. Her hadde vi god kontroll, leia 1-0 til pause og 3-0 før motstandarane fekk seg eit mål.

Fagernes, som vann finalen, blei slått av Os-jentene i fjor, men skal ha gjort ein veldig god finale.

Gutar 13 hamna i B-sluttspelet. Som puljetrear fekk dei walkover i 1/16-finalen. 1/8-finalen vann dei 4-1, men i kvartfinalen var det slutt, her blei det 1-4.

Kan stilla endå sterkare neste år

6 av dei 10 laga frå Os besto av 11- og 12-åringar.

Gutar 11 stilte med to lag og G12 med tre lag.

Det eine smågutelaget hadde to uavgjorte som beste resultat, alle dei andre fekk smaka på både siger og tap.

Jenter 12 gjekk gjennom fem kampar utan tap (fire sigrar og ein uavgjort).