Sport | 22. aug. 2015

Todd matchvinnar for andre gong!

Rafael skåra sitt første, Stian blei matchvinnar og Andrew Todd redda avgjerande straffe i sin andre bortekamp på rad.

Todd matchvinnar for andre gong!
Målskårarane Stian Lunde og Rafael Villén etter dagens siger borte mot Kopervik. Keeper Andrew Todd innfelt. (Foto: Os Fotball/Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. aug. 2015 16:17

Heime i vår blei det leikestove og 9-0-siger over Kopervik, borte på Karmøy blei det tøffare.

Kopervik, som har fått ny trenar, kjempar hardt og stilte full av entusiasme for å unngå nedrykk. Dei klarte også å utlikna to gongar.

Os leia 2-3 då heimelaget, i siste halvdel av 2. omgang, fekk prøva seg frå 11-metersmerket. Men den nye, amerikanske keeperen til Os gjorde som mot Madla (som Os vann 0-1), redda straffe.

– Andrew har gjort det veldig bra for oss, også i dag. Men straffen lagde han sjølv, på unødvendig vis, så det skulle berre mangla at han rydda opp, seier assistenttrenar Ørjan Håland og ler.

Kopervik - Os 2-3 (1-1)
Målskårar, Os: Rafael Villén, sjølvmål (etter innlegg av Brenne) og Stian Lunde.

Os tok leiinga på eit praktskot av spanske Rafael Villén, på volley frå 18 meter, hans første mål for Os.

– Vi skapte mykje, men spelte ikkje heilt stødig i dag. Det blei farleg i periodar og det var mest grunna eige slurv.

Vertane utlikna fem minutt før pause.

Brenn-ande innlegg

Os gjekk opp i leiinga igjen ved innlegg av Endre Brenne.

– Han hadde fleire raid med gode innlegg, eitt av dei gjekk via ein motspelar og stang-inn.

Så kom Kopervik med eit flott angrep og utlikna igjen. Os heldt fram med å skapa sjansar, men stressa litt både offensivt og defensivt.

– Hassan blei tatt ut og inn kom Mats Lepsøe. Lepsøe strødde fleire fine pasningar og sørgja for den roen vi trengte på midtbanen, skryter Håland.

Lepsøe hadde pasningen som Stian Lunde sette inn den matchvinnande skåringa på.

Os: Andrew Todd - Endre Brenne, Torkel Hjertnes, Adrian Valle, Glenn Krossøy - Hassan El Fakiri (Mats Lepsøe), Rafael Villén, Emil Halver, Erik Kanestrøm - Stian Lunde og Marius Mikkelsen.

Os tok med det sin fjerde siger på rad. Neste kamp går heime mot Vard Haugesund 2 søndag om ei veke (kl 16)

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.