Lokal | 23. mars 2018

Tok 12 fartssyndarar på Halhjem

Ein av dei køyrde akkurat fort nok til å bli fotgjengar.

Tok 12 fartssyndarar på Halhjem
UP sto ved rundkøyringa på Halhjem torsdag formiddag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. mars 2018 08:20

Torsdag frå klokka 9 og fram mot lunsj hadde utrykningspolitiet fartskontroll med laser på E39 Halhjemsvegen.

UP sto ved rundkøyringa ved ferjekaien og målte farten på bilane i 5-sona på veg ned bakken.

– Det blei skrive 11 forenkla forelegg grunna høg fart. I tillegg blei ein bilist meldt og det blei tatt beslag i førarkortet, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Mannen, som er i 30-åra, er ein utlending som var på gjennomreise. Han blei målt i 78 km/t. Førarkortet ryker frå og med 76 km/t.

Fekk besøksforbod mot ektepar

Torsdag blei det òg forkynt eit besøksforbod.

– Ein mann i 30-åra frå Os er ilagt besøksforbod mot eit ektepar.

– Partane er usamde om noko, og vedkomande er meldt for å ha vore trugande. I første omgang er han ilagt besøksforbod på tre månadar, opplyser politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.